Under ei veke att til søknadsfristen

25.09.2018

Ønskjer du å gi klassen din og deg sjølv ein annleis skulekvardag? Ønskjer de å forske på noko de sjølve er interesserte og engasjerte i? Ønskjer de å delta i ein nasjonal konkurranse der ungdom blir tatt på alvor`? Søk til Holbergprisen i skolen ut dagen 1. oktober!

Holbergprisen i skolen er ein nasjonal forskingskonkurranse for elevar på vidaregåandetrinnet innanfor samfunnsfag, humaniora, juss og teologi. Tidlegare har 12 skular deltatt, men frå og med 2018 arbeider Holbergprisen i skolen sitt sekretariat med å auke deltakinga til opp mot 20 deltakarskular. Det betyr at sjølv om søknad ikkje garanterer deltaking, er det i år gode sjansar for å kunne bli med.

Framleis tid til å søke

Det er no ei veke att til søknadsfristen 1. oktober. Søknad skjer gjennom søknadsskjemaet på nettstaden vår, som også inneheld rettleiing om kva informasjon som skal vere med i søknaden. Hjå somme av søkjarane har deltaking vore diskutert med klassen, og elevane har gjerne allereie kome med innspel til kva dei ønskjer å forske på. I andre tilfelle får lærarar og elevar nærare inn i prosessen etter at skulen er valt ut som deltakarskule. 

Det er ikkje naudsynt å ha eit programfag spesifikt relatert til Holbergprisen i skolen sine fagområde; samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi for å delta. I sin grunntanke er Holbergprisen i skolen tverrfagleg, og perspektiv frå dei ulike fagområda kan nyttast i mange ulike fag og samanhengar. Vi oppmodar derfor både lærarar og elevar til å tenke kreativt og utanfor og over fag- og disiplingrenser. 

For å søkje, må du ha tenkt igjennom følgjande: 

  • Omfang: Maksimalt 90 elevar kan delta frå kvar skule
  • Skulefag/ klasse: Du må spesifisere kva slags fag eller klasse du sender inn søknad for. Du må også spesifisere om du melder på ein eller fleire klassar, og tal på elevar i kvar klasse. Det styrker søknaden om heile klassen deltek. 
  • Søknaden er gjerne kort (1-2 avsnitt), og skal vise følgjande: 
    • Fagleg motivasjon for å delta. 
    • Forventningar til prosjektet. 
    • Tankar om praktisk gjennomføring av prosjektet (til dømes pedagogiske ressursar, tid, timeplan, lærarar involvert, osv.). 

Etter søknadsfristen

Straks etter søknadsfristen 1. oktober går Holbergprisen i skolen sin fagjury igjennom alle søknadane, og vel ut opp mot 20 skular som deltar i skuleåret 2018/2019. Same veka kjem sekretariatet med attendemelding til alle søkarskulane, og årets deltakarar i skuleprisen vert kunngjort. 

Dei utvalde skulane går ei spanande tid i møte med ein engasjerande forskingsprosess, der skulen mellom anna blir vitja av Holbergprisen i skolen sitt sekretariat og blir tildelt eein forskarkontakt, som hjelper elevane i gang med forskingsprosessen. Deltakande lærarar får delta på det årlege lærarseminaret, som i år har temaet "Forskningens former: Etikk, retorikk og metode i human- og samfunnsvitenskapene." 

Skulane arbeider med prosjektet heilt fram til innleveringsfristen 17. april 2019. Det blir då kunngjort kva for tre prosjekt som blir årets finalistar, og finalistane blir inviterte til Bergen til Holbergveka, der årets vinnar blir kåra.