Lærarrapporten 2022

04.04.2022

Også lærarane konkurrerer i Holbergprisen i skolen. Kvar deltakande lærar har sjansen til å vinne den gjeve lærarprisen, som delast ut på bakgrunn av lærarrapporten kvar lærar/ lærargruppe har levert inn.

Den 8. april går fristen ut for å levere inn lærarrapporten i årets konkurranse. Sidan 2004 har det blitt kåra ein årleg vinnar av Holbergprisen i skolen sin lærarpris, der deltakende lærarar gjennom ulike tilnærmingar og tematikker i rapportene har gitt Holbergprisen i skolen sin fagjury nyttige og unike innsikter i lærarar og elevar sin skulekvardag, og i opplevinga deira av korleis det er å forske i den vidaregåande skulen. 

Eit av dei viktigaste formåla og motivasjonen bak lærarprisen er å framheve læraren si rolle som ein sentral fagleg ressurs og ei inspirasjonskjelde i arbeidet med å introdusere forsking til elevar i den vidaregåande skulen. Vidare er det også svært nyttig at dei deltakende lærarane gjennom lærarrapporten kan dele sine erfaringar med andre lærarar, slik at erfaringane i ulike klasserom over heile Noreg kan kome til nytte dersom andre også ønskjer å forsøke seg å forsking i klasserommet. Difor deltek også lærarprisvinnarar på det årlege lærarseminaret i Bergen, der dei kan dele sine tankar og refleksjoner med lærarane som skal i gang med eit nytt år av konkurransen. 

Vurdering av lærarrapporten

Det er fagjuryen som avgjer kven som får lærarprisen. Rapporten kan vere på kring ti sider, og bør gi juryen god innsikt i arbeidet som er gjort på skulen. Det er også svært verdifullt om lærarrapporten gir original eller nyskapande innsikt i pedagogisk arbeid. Utover slike innsikter kan rapporten ta føre seg korleis arbeidet har blitt organisert, kva for utvikling som er sett hos elevane og gjerne også hos læraren sjølv, korleis elevforsking har påverka eiga undervisning, kva for didaktiske grep som er brukt og om det har blitt arbeidd tverrfagleg. Slik kan altså lærarane velje svært ulikt med tanke på kva for del av deltakinga dei ønskjer å fokusere på - og skrive om - i sin rapport. 

Ulike innfallsvinklar

Denne valfridomen gir svært ulike lærarrapportar og innsikter fra år til år. Ofte tek lærarane utgangspunkt i deira eige undervisningsfag og/ eller konkrete grep dei har gjort i arbeidet og prosessen saman med elevane sine. Hildegunn Stokke Rasmussen vann lærarprisen i 2021 for rapporten "Det er så verdt det når man er ferdig" der ho såg nærare på refleksjon, djupnelæring og kritisk tenking i forbindelse med deltakinga i Holbergprisen i skolen. Hennar tankar rundt prosjektet kan du også sjå i videoen under. 

Marita Kristiansen ved Vestby vgs. fekk lærarprisen i 2015 for rapporten "Vestbymålet" og tok der tak i relevante læreplanmål frå norskfaget. Undervegs i forskinga diskuterte ho saman med elevane, med mål mellom anna om å gjere elevane medvitne om dei etiske aspekta ved å forske på andre menneske. Dette ut fra læreplanmål i "muntlig kommunikasjon" i læreplanen for norskfaget, som seier at "elevene skal kunne lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner" og "mestre ulike roller i samtaler, diskusjoner (...)", som Kristiansen trakk fram i rapporten. For fagjuryen er det verdifullt å sjå korleis ein slik dynamikk mellom lærarar og elevar og bruk av forsking som arbeidsform i undervisninga kan bidra til å løfte diskusjonar og problemstillingar som elles kan verke framande eller teoretiske for elevane.

Også lærarprisvinnaren i 2020, Kjersti Gjerde Brekklund, nytta samtale og refleksjon som eit sentralt grep i rapporten "Jeg synes fremdeles det er mer futt i tittelen Sex og synd". Brekklund deltok med ein klasse i religion og etikk, og starta deltakinga med ein filosofisk samtale med elevane sine om kva det vil seie å ha eit godt liv. Der viste det seg at halvparten av elevane såg på relasjonar som det viktigaste for eit godt liv, medan den andre halvparten trakk fram sjølvrealisering og fridom som viktigaste verdi. Dette vart utgangspunktet for eit fellesprosjekt i klassen der elevane brukte faget "(...)som nedslagsfelt for å belyse denne tematikken". Brekklund synte på ein god måte i lærarrapporten korleis ho løyste dilemmaet med å gi elevane (avgangselevar i tredje klasse) ein god veg fram mot eksamen, samstundes som dei også fekk tid og rom til å arbeide med Holbergprisen i skolen. 

Lærarane kan også velje å ta tak i nye "trender" i læreplanane. Til dømes synte Marit Frydenlund og Sverre Bjørnstad i lærarrapporten "Holbergprisen i skolen - dybdelæring i praksis" frå 2019 korleis det då ferske omgrepet og konseptet djupnelæring fra kunnskapsløftet blei forstått og brukt praktisk i arbeidet med Holbergprisen i skolen. Deira refleksjoner fra deltakinga kan du sjå i videoen under. 

Juryen er svært spente på å lese årets innsendte lærarrapportar, og på å sjå kva for ulike grep lærarar har gjort i undervisninga og i arbeidet med forsking i skulen, og kva for innfallsvinklar som er valt i dei ulike rapportene. 

Rapporten kan du levere her