Påskjøning for god formidling

20.05.2022

Holbergprisen i skolen sitt nyaste tiltak er påskjøning for god formidling. Vi har valt ut tre bidrag som har vist gode kvalitetar i årets konkurranse.

Bakgrunnen for tiltaket er at HiS gjerne vil løfte fram fleire prosjekt i konkurransen. Difor har vi valt å sette fokus på formidling, då vi over fleire år har sett at mange elevar er svært dyktige på akkurat dette. Dømer på god formidling kan vere at det formidlast over “nye” medieflater enn det som vanlegvis blir gjort i konkurransen, til dømes gjennom å presentere funna på video på Youtube eller i andre formidlingskanalar. Det kan også vere forskingsrapportar som gjer ein spesielt fin innsikt i eit aktuelt tema, eller andre måtar og vinklingar som gjer at formidlinga stikk seg ut på ein god måte. 

Vi har i år valt å dele ut tre formidlingspåskjøningar a 2000 kr. Vi vinar at dette vil vere ei fin oppmuntring til vidare formidling og forsking for dei einskilde elevane som tek imot påskjøninga. Vi vonar også at det vil synleggjere for deltakande lærarar og skular at forskingsprosjekt i Holbergprisen i skolen kan ha mange ulike kvalitetar, og at vi ønskjer oss eit stort mangfald i konkurransen, både knytt til geografisk spreiing, storleik på klassane, nærmiljøet kring skulane, elevane sin bakgrunn og elevane sine interesser. 

Tre formidlingspåskjøningar

Dei tre som tek imot formidlingspåskjøning er ikkje rangert, men har fått påskjøning for ulike kvalitetar. Vi trekk dei difor fram i tilfeldig rekkefølge. 

Alisha Patel Jusnes fra Elvebakken vidaregåande skole får formidlingspåskjøning for prosjektet “Samfunnets oppfatning av kebabnorsk”. Alisha har lagt fram rapporten sin på ein visuelt svært pen måte i Adobe Express. Her presenterer Alisha eigne funn, perspektiv frå intervjuobjekt og samfunnet på både makro- og mikronivå på en engasjerande og lettfatteleg måte. Med “kebabnorsk” som linse gjer ho eit interessant perspektiv på samfunnet. 

Sebastian Munthe ved St. Olav vidaregåande skule får formidlingspåskjøning for prosjektet “Hvordan kan du bekjempe den oppmerksomhetssyke slangen Klikkagn?”. Rapporten har i seg sjølv svært gode kvalitetar, og har i tillegg blitt levert med ei virtuell “førelesing” i videoformat som legg fram stoffet på ein underhaldande og lettfatteleg måte. Dette gjer prosjektet svært tilgjengeleg, og syner også fram forskingsprosessen på ein god måte.

Tuva Kjørlaug og Ronja Falck Eikemo ved Olsvikåsen vidaregåande skule får formidlingspåskjøning for prosjektet “Er hunden menneskets beste venn?”. Prosjektet tek føre seg ein tematikk som har gjort seg særleg gjeldande under pandemien der dei ser på “(...) hvordan hundehold påvirker hverdagen vår”. Samstundes syner elevane kva for stor verdi dette kan ha for enkeltgrupper i samfunnet. Dette er eit breitt anlagt prosjekt som får fram fine perspektiv ved relasjonar og atferd både hos mennesker og dyr. 

Vegen vidare

Tiltaket med formidlingspåskjøning er nytt av året, og vi i Holbergprisen i skolen håpar gjerne på stor interesse for dette dei komande “sesongane” med skulekonkurransen. Dersom det blir stor interesse for det vidare, og vi ser at dette er eit tiltak både lærarar og elevar er opptekne av, kan dette bli ein eigen pris som delast ut på lik linje med dei andre prisane. Vi vonar at dette skal vere eit tiltak som kan engasjere mange ulike elevgrupper, og spesielt då dei som engasjerer seg i god formidling. Vi vonar også å syne fram at Holbergprisen i skolen er ein mangfaldig konkurranse der mange ulike tematikkar, skular og klasserom kan gjere det godt.

Dersom du ønskjer å søke om deltaking i Holbergprisen i skolen kan du gjere dette allereie no. Med ein søknad kan du gje både deg sjølv som lærar og elevane dine rike moglegheiter til utvikling og lærdom. Ta gjerne kontakt med oss i sekretariatet på his@holbergprisen.no dersom du lurar på noko kring deltaking eller formidlingspåskjøningane.