Søk Holbergprisen i skolen 2022/2023

15.08.2022

Lurer du på korleis du skal utforme søknaden din til Holbergprisen i skolen? Les våre tips og rettleiing her.

Fristen for å sende inn søknad om deltaking i Holbergprisen i skolen er den 1. oktober kvart år. Ved å søke får du moglegheit til å gje deg sjølv og elevane dine eit utviklande og spennande prosjekt å arbeide med i det komande året. Du som lærar får ei viktig rolle som rettleiar for elevane dine, og elevane får moglegheit til å fordjupa seg og arbeide med eit prosjekt over lengre tid. 

Søk om deltaking i Holbergprisen i skolen 2022/2023

For mange kan det virke som ein terskel å sende inn ein søknad til Holbergprisen i skolen. Juryleiaren i HiS vel kvart år ut 20 deltakarskular som blir med i årets konkurranse, og for at det skal gjerast eit informert val er det ein del nøkkelinformasjon som bør vere på plass i søknaden. Søknaden bør svare på kor mange lærarar og elevar som er planlagt involvert i prosjektet. I sjølve klasserommet kan det dere mange måtar å arbeide på, og vi ser at både heile klassar som arbeidar saman, enkeltelever og mindre grupper fungerer godt. Det er også fint om fleire lærarar/ bibliotekarer er involvert i "teamet" som støttar opp kring elevane som deltek. 

Vidare kjem sjølve søknadsteksten. Vi ser ein svært stor variasjon i søknadene som blir sendt inn med tanke på detaljnivået. Nokre har rett og slett ikke kome så langt med å sette eit tema eller fokus, men vel då kanskje å skrive om motivasjonen for å delta. Andre har heilt spesifikke idear om kva for prosjekt klassen/ klassene/ elevane skal fokusere på, og skildrar dette meir inngående. Begge deler er fine dømer på korleis juryleiar kan få innsikt i motivasjonen og/ eller tema og fokusområder, og slik får eit grunnlag å vurdere søknaden på. 

Låg terskel

Vi i sekretariatet vil også gjerne understreke at de kva tid som helst kan ta kontakt med oss dersom de lurer på noko kring det å sende inn ein søknad. Du kan også lese våre tidlegare saker om søknadsskriving her og her, der vi går meir  detalj kring søknadsskriving. Send oss også gjerne ein e-post på his@holbergprisen.no, eller ta kontakt med Hilde Omdalsmoen Fidje eller Birger Berge i sekretariatet dersom de lurer på noko. 

Vi vonar gjerne at de sender oss ein søknad. 

Les meir om Holbergprisen i skolen og sjå døme på tidlegare forskningsprosjekt som har vunne fram i konkurransen på sidene våre.