Frå idé til prosjekt

26.08.2022

Lurer du på korleis elevane dine kan gå fra ein idé til eit ferdig prosjekt? Lurer du på kva ulike prosjekt kan innehalde og korleis dei kan sjå ut? Og lurer du på kva elevane dine kan lære?

I Holbergprisen i skolen leggast det til rette for at elevane dine kan få utforske sjølvvalte tema og utføre små forskingsprosjekt. Eit viktig moment ved dette er at skular over heile landet skal ha moglegheita til å fordjupe seg i eit prosjekt over tid, og samstundes få god støtte og hjelp undervegs.  

Vi følger opp både deg og elevane i løpet av deltakinga, og etter at skulen din er vald ut til deltaking, blir alle dei involverte lærarane inviterte til det årlege lærarseminaret. Her får de ein god introduksjon til konkurransen og rikeleg med fagleg påfyll. Etter lærarseminaret reiser sekretariatet ut til alle skulane og held ein introduksjon for elevane dine, og snakkar også med dei einskilde elevane/ elevgruppene om prosjekta dei ser føre seg. Etter dette tildelast det ein forskarkontakt, ein akademikar frå ein høgskule eller eit universitet i nærleiken av skulen din. Forskarkontakten besøker skulen tre gonger, og kan hjelpe elevane undervegs i perioden med dei utfordringane dei kan støyte på. Målet er å gi elevane verktya dei treng for å tenke vitskapleg, slik at dei kan ta naudsynte vurderingar og val undervegs medan dei utviklar prosjekta sine.  
 

Frå idé til ferdig prosjekt 

Mange elevar synast at tanken om å skrive eit prosjekt på 15 sider er overveldande. Ved konkurransestart er det også mange som strever med å finne eit tema å skrive om. I denne videoen forteller elevfinalistane i 2022 meir om sin veg frå ein idé til eit ferdig prosjekt. Som synt her, kan elevane ta utgangspunkt i ein litterær sjanger dei er interesserte i, dei kan ha lest om noko i avisa dei ikkje heilt forstår, eller dei kan velge ein politisk sak dei er engasjerte i. Vår erfaring er at vegen inn til forskingsprosjektet kan skje på mange måtar. I tillegg er det også slik at dersom ein idé som kan synast vanskeleg å gjennomføre, kan gjennomførast dersom ein endrar prosjektet sitt litt.  

 

Prosjekt og innhald 

Elevane som skriv vert ekspertar på det prosjektet deira handlar om. Som du vil høyre frå videoen kan kunnskapen strekke seg frå dei littære grepa kriminallitteraturen nyttar seg av, korleis juridiske dokument kan figurere i internasjonalt politisk spel, og korleis mangel på fokus på dei pårørande innanfor eit medisinsk felt kan ha store konsekvensar for ei reform.  

 

 
 

Kva lærer elevane?  

Kvart år får vi mange tilbakemeldingar frå finalistane og frå andre deltakande lærarar og elevar i konkurransen. Vi får då høyre om elevar som bygger sjølvtillit når det kjem til evna til å skrive ein lang tekst, og evna til å fokusere over lengre tid på eitt og same prosjekt. Ofte ser vi også viktige oppdagingar, som Elise Harwiss sitt prisvinnande prosjekt med det manglande fokuset på pårørande i heroinassistert behandling. Vi ser difor at forskingsrapportane kan vere viktige både for elevane si eiga utvikling, men også for samfunnet dei er ein del av.  
 

I Holbergprisen i skolen ønskjer vi at flest mogleg elevar skal få moglegheit til å delta over heile Noreg, og blir veldig glade om du som lærar vil sende oss ein søknad på vegne av deg og elevane dine. Du finn meir informasjon om søknadsskriving her, eller du kan sende oss søknaden din i dette skjemaet. Dersom du lurer på noko kan du også ta kontakt på his@holbergprisen.no, eller med Hilde Omdalsmoen Fidje eller Birger Berge i sekretariatet