Årets deltakarskular er valt ut

05.10.2022

Fagjuryen har vurdert årets søkarskular, og har valt ut 20 skular som skal delta i Holbergprisen i skolen 2022/ 2023.

Kring 1000 elevar får i år prøve seg på forsking i Holbergprisen i skolen. Lærarar over heile Noreg har sendt inn søknadar på vegne av elevane sine og skulen sin, og vi registrerer med glede at vi har fått høge søkartal til trass for utfordringane streiken fekk for skule-Noreg.

Det er juryen som vel ut deltakarskulane ut frå ei heilskapleg vurdering knytt til geografisk spreiing, motivasjon for – og plan for – prosjektet, og balanse mellom nye og gamle deltakarar. Vi ser i søknadane at mange lærarar også involverer skulebibliotekaren og lærarar i andre fag som kan vere til nytte i deltakinga, noko som er veldig positivt.

Dei 20 skulane er spreidde utover Noreg, og for første gang har vi med to samiske skular i konkurransen. Juryen uttalar at «Det er gledelig med et spennende mangfold i årets søkerskoler både med tanke på geografi, skoler og fag. Vi i juryen gleder oss allerede til å lese forskningsprosjektene som leveres til våren!» Det er eit mål for Holbergprisen i skolen å nå ut til klasserom over heile landet, slik at flest mogleg elevar skal kunne få bli kjende med forsking og våre fagområder. Vi ser at elevane som deltek i Holbergprisen i skolen gjer spennande faglege funn, og også at dei opplever seg meir førebudde til framtidige studium eller yrkeskarriere etter å ha delteke.

I løpet av året skal elevane forske på sjølvvalde tema, og konkurrere om første-, andre-, og tredjepris i Holbergprisen i skolen. Dei deltakande lærarane kan også bli valt ut til årets lærarpris gjennom lærarrapporten dei skriv basert på sine refleksjonar kring deltakinga.

Årets deltakarskular

Kvaløya videregående skole Troms og Finnmark
Sámi joatkkaskuvla Kárášjogas
(Samisk videregående skole, Karasjok)
Troms og Finnmark
Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla Guovdageainnus
(Samisk videregående skole og 
reindriftsskole i Kautokeino)  
Troms og Finnmark
Bodin videregående skole Nordland
Heimdal videregående skole Trøndelag
Atlanten videregående skole Møre og Romsdal
Spjelkavik videregående skole Møre og Romsdal
Nordahl Grieg videregående skole Vestland
St. Olav videregående skole Rogaland
Hetland videregående skole Rogaland
Mailand videregående skole Viken
Malakoff videregående skole Viken
Drammen videregående skole Viken
Lillestrøm videregående skole Viken
Eiker videregående skole Viken
Askim videregående skole Viken
Øvrebyen videregående skole Innlandet
Oslo katedralskole Oslo
Blindern videregående skole Oslo
Edvard Munch videregående skole Oslo

Lærarseminar og vidare oppfølging

Det årlege lærarseminaret finn i år stad den 2-3 november. Alle deltakande lærarar inviterast då til spennande dagar i Bergen. Her får lærarane moglegheit til å møte dei andre deltakande lærarane og utveksle erfaringar, og får mange spennande faglege føredrag dei kan nytte seg av i deltakinga. I høve skeivt kulturår set seminaret i år fokus på skeiv forsking.

Etter lærarseminaret går sekretariatet i gang med å besøke skulane, der konkurransen presenterast for elevane. Sekretariatet høyrer på elevane sine idear og vil i løpet av besøket prøve å hjelpe elevane med å ta prosjekta over frå idéfasen til eit konkret prosjekt. Sekretariatet kjem også med tips om kva juryen ser etter i eit godt prosjekt, kva for vurderingar det er lurt å gjere i eit forskingsprosjekt, og annan nyttig informasjon som elevane kan nytte seg av.

Kvar skule tildelast ein forskarkontakt. Dette er ein forskar ved ein høgare utdanningsinstitusjon i nærleiken av deltakarskulen. Elevane får då møte ein fagperson, som kan hjelpe dei med å utarbeide og vidareutvikle problemstillingane, hjelpe dei med vurdering av etiske spørsmål, eller andre ting elevane ønskjer å diskutere. Målet er at forskarkontakten skal hjelpe elevane med å tenke som ein forskar, og slik ruste elevane til å utføre forskingsprosjekta på best mogleg måte. Forskarkontakten besøker skulen tre gonger i løpet av prosjektperioden.

Årets gang

Elevar og lærarar arbeider med prosjektet fram til 1. april 2023. Diverre kan ikkje juryen lese alle bidraga, og kvar skule må difor velge ut tre prosjekt som sendast inn frå skulen til vurdering av juryen. Ut frå til saman 60 innsendte forskingsrapportar frå heile Noreg vel juryen ut tre finalistar som blir inviterte til den tradisjonelle Holbergveka, for å bli heidra saman med vinnarane av den internasjonale Holbergprisen og den nordiske Nils Klim-prisen.