Årets forskningsprojekter er leverte!

02.05.2017

Kvifor har ein sett ein vekst av høgrepopulisme i Ungarn og Polen dei siste åra? Er det berre utdanningsmoglegheiter som gjer at ungdom vel å flytte frå små stader? Korleis er kvardagen på eit asylmottak? Har media skapt unødig frykt for Donald Trump? Dette er nokre av spørsmåla elevar ved 12 norske skular har freista finne svar på i årets Holbergprisen i skolen.

Etter månader med interns konsentrasjon kan rundt 450 elevar og 30 lærarar ved 12 norske vidaregåande skular senke skuldrane og puste letta ut. Oppgåvene til Holbergprisen i skolen, som dei har arbeid på sidan i haust, er leverte. Ansvarleg for Holbergprisen i skolen, Hilde Omdalsmoen Fidje, er imponert over alt det gode arbeidet elevene og lærare har lagt ned.
 
- Breidda i tematikken elevane vel viser eit breitt engasjement for samfunsspørsmål som både handlar om dei sjølve og verda rundt dei, seier Fidje.

Kvar skule har sendt inn sine tre beste oppgåver, og desse går no vidare til vurdering i fagjuryen ved Holbergprisen i skolen. Den 8. mai vert dei tre finalistane valde ut, og den 8. juni vert det avgjort kven som kjem på første- andre- og tredjeplass av finalistoppgåvene.

Grundig oppfølging

Sidan prisen vart oppretta i 2003 er det kåra i alt 29 vinnarprosjekt, men det aller viktigaste resultatet er læringserfaringa elevane sit att med etter å ha vore med i konkurransen.

Etter søknadsfristen 1. oktober kvart år blir 12 deltakarskular valde ut, og i november kjem to lærarar frå kvar skule til Bergen for å vere med på ein fagdag der metode, forskingsetikk og akademisk skriving står i fokus. Kvar skule får deretter tildelt ein forskarkontakt ved eit universitet eller ein høgskule i sitt nærområde, som gjev elevane rettleiing og oppfølgjing gjennom tre skulebesøk i løpet av skuleåret. I tillegg er Fidje sjølv tett kontakt med skulane som deltek, for å sikre at kvar skuleklasse meistrar den krevjande prosessen det er å planlegge og gjennomføre eigne forskingsprosjekt.

- Målet for prosjektet er at elevane skal bli kjent med, og forstå verdien av forskning innan humanistiske og samfunnvitskaplege fag. Elevane skal sjølve få forske på det dei interesserer seg for, og samtidig få tett oppfølging forskarar som rettleier dei i alt frå val av vitskapleg metode til forksningsetikk, seier Fidje.

Verdifull studieførebuing

For elevane som deltek viser erfaringa frå Holbergprisen i skolen seg å vere verdifull lenge etter at vinnaren er kåra.

Tilbakemeldingane fra elevane og skulane er at Holbergprisen i skolen er en god førebuing til vidare studiar og arbeid. Det å arbeide sjølvstendig, vere kildekritisk og utfordre etablerte sanningar trur eg er svært nyttige erfaringer, seier Fidje.

Ærar læraren

I tillegg til elevane sitt engasjement, er lærarane sin innsats heilt avgjerande for at dei 34 oppgåvene har komme i mål. Det er bakgrunnen for at det årleg også vert delt ut ein lærarpris på 20 000 kroner til ein av lærarane som har jobba med Holbergprisen i skolen. Alle lærarane som er med på prosjektet blir oppmoda om å skrive ein rapport om arbeidet med Holbergprisen i skolen. Den beste rapporten vert løna med lærarprisen.

Dette er årets oppgåver:

Skole

Tittel

Elever

Alta vgs.

Finnes det sammenheng mellom idrettsdeltakelse og skoleprestasjon

Ingvild Eriksen, Amanda Sørensen

Alta vgs.

Samisk i skolen

Karoline Reinholdtsen, Ingunn Johansen, Rina Hansen, Katharina Bewalitz

Alta vgs.

Hvordan påvirker ulike faktorer undervisningen for lærere

Ørjan Heitmann Nilsen, Stine Jenssen Bjerring, Robin Paulsen, Christine Marie Hasti

Bømlo vgs.

Kaffikultur

Vilde G. Grasdal, Malin H. Gjøsæter

Bømlo vgs.

Muslimske jenter i media

Ingeborg Tolås Jannicke Totland

Bømlo vgs.

For det første, eg er glad i Bømlo, men eg er drit lei plassen

Daniel Røksund

Dahlske vgs.

Utvekslingselevers selvutvikling

Hanna Mortensdatter Vandeskog, Helena Metveit, Sofie Udjus Brynhildsen, Ðula Ganić, Emma Emilie Højlyng Fløde

Dahlske vgs.

Enebarn, en bortskjemt drittunge

Nadia Boye, Linn Bjørkegra, Siri Helene Erlandsen, Silje Kampen, Eirik Eskedal

Dahlske vgs.

Prestasjonskulturens bakside- Puggedop.

Aina Pedersen, Beate haugen, Helene Storenes, Helene Storsæter, Serina Hansen

Eilert Sundt vgs.

Integrering av innføringsklassen

Ida Kudra, Camilla Larsen, Michelle Thorkildsen, Hanne Skårdal

Eilert Sundt vgs.

Mediapåvirkning

Ine Husby Sandnes, Ida Naglestad, Sofia Tånsberg, Vilde Aukland

Eilert Sundt vgs.

Karakterforskjeller mellom skoler i samme kommune

Silje Qvale, Stine Stensøy, Margrete Y. Bjørndal

Elvebakken vgs.

Norges og ressursenes forbannelse

Kanwarjot Kaur

Elvebakken vgs.

Et inngjerdet Europa

Eva Thorshaug, Maja Bielecka og Mats Jensen

Elvebakken vgs.

Med livet på vent- en kvalitativ undersøkelse av asylsøkere i mottak

Marte Norheim Engebretsen, Sara Tadesse Hernesvold & Sara Yasmin Khan

Glemmen vgs.

Youtubere og deres følgere + media

Erlend S. Farbu, Erling Stenbråten, Martin B. Isaksen, Ola L. Nødtveidt

Glemmen vgs.

Har media skapt unødvendig frykt rundt Donald Trump?  + media

Hedda Romberg

Glemmen vgs.

Krimlitteratur i Norge + media

Kaia Sheppard, Paulina Kolataj, Marie Nesøen

Lundeneset vgs.

Skoleinnsats

Kristian Fosså

Lundeneset vgs.

Aktiv dødshjelp

Eira Celin Tangen, Karen Sørbø Larsen

Lundeneset vgs.

Korleis tenkjer ungdommar når dei skal ta utdanningsval?

Agathe Bø, Hennie Mathea Johansen

Olsvikåsen vgs.

Integrering av syriske

Catharina Johanna Valvik Bjorøy

Olsvikåsen vgs.

Har likestilling gått ut på dato

Anine Fraas

Olsvikåsen vgs-

Hvilket forhold har vi til belte på buss

Kristine Tveitan, Vilde Midthun & Nora B. Eriksen

Trondheim Katedralskole

Kirkealterets himmelretning mot øst

Sofie Eline Tollefsen

Trondheim Katedralskole 

Gammel og grå-hva skjer så?

Sara Adeldatter Tyldum, Ane Thingstad Størksen

Trondheim Katedralskole 

Holdninger til homofile personer uttrykt i norske aviser

Fredrik Dingen, Kjersti Finserås, Hanna Tørum Haugerud, Alexander Brevad Rambech

Vadsø vgs.

Er Donald J. Trump et eksempel på Dunning-Krugereffekten?

Erika Møller Wormdal, Katrine Tønsberg Gaski og Lillian Wickstrøm

Vadsø vgs.

Hekseprosesser basert på etnisk bakgrunn i Øst-Finnmark på 1600-tallet

Maila Risten Bongo Dikkanen, Hanna Aagesen, Kristin Aronsen

Vadsø vgs.

Ute av syne, ute av sinn. En studie om kognitiv dissonans i forbindelse med kjøtt.

Anniken Richardsen Olsen, Sabina Store-Ashkari

Vestby vgs.

Blir jeg studieforberedt?

Brynjar Morka Mæhlum

Vestby vgs.

Skjebnes herre av skjebnen behersket

Even Gultvedt

Vestby vgs.

Unges forhold til nyheter

Astrid Randem Lunde og Oliver Alexander Nordtveit Orefellen

Årstad vgs 

Seksualisering av jenteruss – med egne øyne

Melody Helen Bartlett Larsen, Yasemin Heggstad Bostanci, Tuula Askeland, Kasar Derbas, Margrete Steinsund