Analysemetodar for tekst og bilete

Me omgir oss med teikn, bilete og forteljingar, kanskje meir enn nokon gong før. Alt dette er meiningsberande uttrykk, koder, som på ulikt vis kommuniserer og informerer. Å analysere tekst, representasjonar og diskursar er ein måte å analysere desse kodene eller meiningsutrykka på. Men kva metodar kan me bruka?

29. oktober 2020
Lesetid: 3 minutter

Å analysere ein tekst er meir enn å berre lese det teksten handlar om. All tekst er ein form for kommunikasjon. Det vil seie at tekstar beskriv ei røynd eller eit tema på ein bestemt måte. Ei tekstanalyse skal finne ut kva som står på spel i denne kommunikasjonen, og gjere ei tolking av tekstens bodskap og innhald. 

Tre sentrale spørsmål for tekstanalyse

  • Kven eller kva speler ei rolle i teksten? Hovudpersonar og biroller er viktige. Men også hus, landskap, kjæledyr eller vêret kan spele ei rolle.
  • Kva er konteksten for handlinga? Tenk på tid og stad. Nokre tekstar flyttar seg mellom fortid og notid, medan andre handlar om spesifikke hendingar eller stader.
  • Kva gjer språket? Bruk av biletspråk, metaforar og ordspel er relevante, både for bodskapen i teksten og korleis karakterar er skildra.

Det finnst mange ulike typar tekst, og ulike tekstar krev litt ulike tilnærmingar eller metodar. Noveller, romanar og dikt er fiksjonstekstar. Metodar for å analysere slike tekstar er nærlesing, litterær analyse eller narrativ analyse. Her undersøkjer ein dei ulike rollene i forteljinga, bodskapen i teksten, og kva for slags språklege verkemiddel som vert nytta for å få han fram. Rapportar og lærebøker er fagtekstar eller sakprosa. Metodar som dokumentanalyse, retorisk analyse og diskursanalyse er nyttige her. Desse tilnærmingane seier noko om kva tradisjon teksten skriv seg inn i, og kva som er avsendaren sitt bodskap eller agenda.

Image
Analysemetodar_farsott
Vi kan analysere eit bilete eller andre visuelle representasjonar på mange ulike måtar. Somme tider er det interessant berre å sjå kva motivet og kva biletet viser heilt konkret, men i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag er vi ofte også ute etter å forstå visuelle metaforar, kva eit bilete står for, og korleis vi ser på biletet. Illustrasjon: Sissel Ringstad, Farsott AS.

Å analysere bilete og illustrasjonar

Bilete er visuelle representasjonar. Nytta som illustrasjonar og visuelle verkemiddel, kan dei supplere og påverke den tekstlege framstillinga. Som med tekstanalyse, er å analysere visuelle representasjonar å beskrive kva eller kven som er avbilda, og kor handlinga finn stad. Men med visuelle representasjonar er det like viktig å analysere korleis me ser på biletet: Kva er blikkfanget? Korleis er biletet satt saman? For filmatiske representasjonar handlar dette til dømes om kameravinkel. Dette viser kor det forteljande blikket kjem frå.  

Ei analyse av visuelle representasjonar handlar også om kva som ikkje er med i biletet. Eit døme er saka om to annonsar for ledige stillingar ved Finnmarkssjukehuset i 2018, der leiarstillinga var illustrert med mange menn kring eit bord, mens stillinga som sjukepleier synte eit bilete av ei smilande kvinne i sjukepleier-uniform. Her er bileta med på å kommunisere kven ein har i tankane for dei ulike typane jobbar. På denne måten kan ein seie at bilete, representasjonar og illustrasjonar ikkje er nøytrale, men at dei har visuell makt.

Diskursanalyse

Ein diskurs er eit meiningssystem. Å analysere diskursar er å vise fram grensene for ei felles forståing av eit fenomen. Desse grensene er både språklege og sosiale. Det vil seie at diskursanalyse er ein måte å forstå dei sosiale dimensjonane i språket på, og i korleis me tar det i bruk. 

Diskursanalyse er både ein teori og ein metode. Som teori skildrar diskursanalyse korleis ei rekkje utsegn eller bitar med informasjon, til saman utgjer ein samla struktur eller system som gjev eit felles meiningsgrunnlag: ein felles diskurs. Eit døme er spørsmål om «norskheit». Utsegn som handlar om nasjon eller andre fellesskap er ofte formulert som eit «vi». Som Camara Lundestad Joof skriv i boka Eg snakkar om det heile tida, kvilar dette «vi»-et på nokre avgrensingar om kva som er reknast som norskt eller ikkje. Nasjonale diskursar har ofte mykje til felles med ideologiske, politiske, religiøse eller normative diskursar. Som metode rettar diskursanalyse seg mot det sosiale og meiningsberande i ein kvar ytring. Sett på denne måten handlar diskursanalyse om få auge på grensene for korleis meiningsfellesskapet fungerer.

Litteratur og kilder

Gjelsvik, A. (2013). Hva er film. Universitetsforlaget.

Hagen, E. B. (2003). Hva er litteraturvitenskap. Universitetsforlaget.

Joof, C. L. (2018). Eg snakkar om det heile tida. Samlaget.

Kittang, A. (1998). Ord, bilete, tenking: Artiklar om fiksjonar. Gyldendal.

Neumann, I.B. (2001). Mening, materialitet, makt: En innføring i diskursanalyse. Fagbokforlaget.

Winther Jørgensen, M. & Phillips, L. (1999). Diskursanalyse som teori og metode. Roskilde Universitetsforlag.