Klare for jurymøtet

04.05.2022

Torsdag 5. mai kjem Holbergprisen i skolen sin fagjury saman for å avgjere kven som kjem på 1., 2., og 3. plass i årets konkurranse, samt vinnaren av årets lærarpris.

Juryen har no lest alle dei 57 innsendte bidraga i årets konkurranse, og er no klare for jurymøtet torsdag 5. mai. Resultatet av juryen sitt arbeid vil du kunne følge på den spennande kunngjeringa den 11. mai på nettstaden vår eller Youtube. Vi vonar så mange som mogleg av årets deltakande skular har høve til å få med seg denne dagen.  

Juryen består i år av juryleiar Stine Helena Bang Svendsen, Sveinung Arnesen, Jørn Ljunggren, Hallvard Kjelen og Åsne Berge. Vi har tatt ein prat med dei i forkant av jurymøtet den 5. mai om deira tankar om årets elevrapportar, mellom anna knytt til elevrapportane sin tematiske breidde, kva dei gjerne vil sjå meir av frå elevane, og kva som skiller prisvinnarprosjekta frå dei andre.  

Inntrykk i år

Kva gjeld juryens inntrykk av den tematiske breidda i årets prosjekt, har vi fått tilbakemeldingar om at juryen oppfattar denne som særs stor. Elevane har forska på alt frå norsk suverenitet på Svalbard til heroinassistert behandling og kva som motiverer til frivillig arbeid. Det har også blitt forska på innvandrarar sine moglegheiter i Noreg, sosial integrering og karaktermessige kjønnsforskjellar for å nemne noko. Juryen har fått lese rapportar innanfor mange fagfelt, men peikar på at programfaga sosiologi og sosialantropologi dominerer. Difor opplevast gjerne rapportar med språk- og litteraturfagleg, eller historisk og religionsfagleg karakter som eit friskt pust. Juryen peikar også på at det ikkje berre er tema som berre opptek ungdommen i rapportane, men også tema som er interessante for alle aldersgrupper.    

Forskinga til elevane ligg ofte tett opp til problemstillingar som blir løfta også i det akademiske miljøet. Mange av problemstilingane er difor lett attkjennbare for juyen, medan andre problemstillingar ser nærare på tematikkar som i mindre grad blir løfta i akademiske miljø, og gir slik interessante innblikk i elevane og deira aldersgruppe sine tankar og meiningar. Fleire av rapportane kunne også gitt grunnlag for større akademiske arbeid.    

Juryen peikar på at det er flott at årets innsendte bidrag syner så stor breidde, og på at alle dei innsendte rapportane har gitt nye perspektiv og spennande lesing. Juryen er svært spente foran årets jurymøte og ser fram til gode diskusjonar. 

Å skille seg ut 

Kva gjeld forskjellen på dei som blir prisvinnarar og dei andre gode prosjekta, peikar juryen på at dei gjerne velger ut prosjekt med høg aktualitet, originale vinklingar og dristige val som finalistprosjekt. Det er også verdifullt med rapportar som på ein god måte forholder seg til relevant akademisk litteratur, og også at det er gjort eit grundig og ambisiøst arbeid med datainnsamling og analyse der det er aktuelt. Dei rapportane som til slutt skiller seg ut som finalistar “har alt”, og elevane har klart “å stå løpet ut” slik at dei rapportane er prega av eit overskot både med tanke på språk og stil, formidling, og vitskapleg kvalitet.