Læraren si viktige rolle

28.06.2021

Hildegunn Stokke Rasmussen vann lærarprisen 2020/2021. Les hennar refleksjonar om deltakinga her.

Lærarane har ei svært viktig rolle i Holbergprisen i skolen. Det er læraren som søker på vegne av skulen, som initierer deltakinga, og som følgjer opp elevane i det daglege arbeidet med forskinga. Deltakinga byr difor på både nye utfordringar og nye moglegheiter for deltakande elevar og lærarar. Vi har tatt ein prat med årets lærarprisvinnar, Hildegunn Stokke Rasmussen ved Spjelkavik vgs., som gjorde seg fleire refleksjonar då ho valde å søke om deltaking: 

Det var fleire årsaker til at vi valde å søke om å delta i Holbergprosjektet. For min del handla det mykje om å utvikle eigen pedagogisk praksis knytt til elevforsking. Dette med å introdusere elevane for forskingsprosessen har vore noko som eg har blitt gradvis meir opptatt av i dei åra eg har jobba som lærar, og eg hadde lyst å bli betre til å rettleie elevane i slike prosessar. Då det viste seg at kollegaen min i faget (Eirik Holmen) også hadde tenkt på å delta, verka det som ei fin anledning til å prøve. Vi hadde også lyst å bruke prosjektet til å overføre nokre prinsipp og idear frå IB (International Baccalaureate) til det norske systemet.

Motivasjon og læring

Etter søknadfristens utløp vel juryen ut 20 deltakarskular over heile Noreg. Læraren får då ei viktig oppgåve i å sette i gang prosjekta, og i å motivere elevane for deltaking. Hildegunn fortel at motiveringsarbeidet i klassen hennar gjekk fint, og at ho hadde ei positiv - men også spent - elevgruppe som gjekk inn i prosjektet: 

Eg prøvde etter beste evne å ufarleggjere prosjektet litt, og å ta det steg for steg. Mellom anna var eg opptatt av å legge vekt på prosess over produkt. Eg snakka også ein del om at ein i alle slike store prosjekt går gjennom nokre fasar der mykje er rotete og uoversiktleg, og at det er noko ein må tole og jobbe seg gjennom. Men i det store og heile syns eg eigentleg det var lett å motivere elevane til å gå i gang. Særleg etter at vi fekk besøk frå sekretariatet og elevane fekk sjå at dei var med på eit større prosjekt, var det bra driv i gruppa.  

Ved Spjelkavik vgs. har dei tidlegare hatt ein IB-linje, og Hildegunn har forska med elevar både på denne linja og i andre settingar,  og erfaringane med forsking som metode tok ho med seg inn i arbeidet med Holbergprisen i skolen. Samarbeidet med kollega Eirik Holmen har vore tett gjennom heile deltakinga, og saman kom dei fram til eit gjennomtenkt og heilskapleg opplegg der bruk av refleksjon og besøk av forskarkontakten har vore til stor nytte: 

 Mellom anna har vi brukt refleksjonsnotat meir systematisk gjennom prosessen, noko eg trur har vore med på å bevisstgjere elevane om eigne læringsprosessar. For elevane trur eg nok det å ha ein forskarkontakt har vore den mest synlege forskjellen. Det å få rettleiing og støtte frå nokon som driv med forsking til dagleg er annleis enn å få servert dei same gamle anekdotane frå læraren si masteroppgåve, og kan nok gi ei større kjensle av å bli tatt på alvor.

Utvikling som lærar og engasjerte elevar

Deltaking i Holbergprisen i skolen betyr ikkje berre utvikling og ein annleis skulekvardag for elevane, men ofte også for lærarane som deltek:

Eg likar å tru at eg er i utvikling heile tida som lærar – det er jo noko av det som gjer det til ein så meiningsfull og fin jobb. Gjennom Holbergprosjektet har eg fått samarbeide med og lære av mange flinke folk, og det har absolutt vore med på å utvikle meg som lærar. I tillegg har eg fått tid til å reflektere over eigen praksis, både saman med andre og i skrivinga av lærarrapporten. Der skriv eg om korleis bruken av refleksjonsnotat kan verke positivt for deira utvikling som elevar, fordi det gir tid til å tenke over eigne læringsprosessar. Det same gjeld jo i høgaste grad for oss lærarar: vi har hektiske kvardagar, og rekk ikkje alltid å reflektere så mykje over eiga undervising som vi skulle ønske. For meg har Holbergprosjektet gitt meg eit ekstra dytt for å reflektere over eigen praksis, og det har vore lærerikt.  

For elevane betyr deltakinga ofte ein heilt annan måte å lære og arbeide med fag på. Dette bidreg til å løfte ulike elevgrupper, og ofte også elevar som kanskje er mindre motiverte og engasjerte i andre samanhengar. Hildegunn syner til at "[...] dei elevane som kanskje strevar litt med å lære teori eller som ikkje har fått helt dreis på drøftinga, kan få brukt andre sider ved seg sjølv i ein forskingsprosess". Mellom anna kan elevane fordele arbeidet mellom seg i forskinga, der nokon kan ringe rundt til informantar medan andre kan transkribere intervju, for å nemne nokre dømer. Hildegunn understreker at det å la elevane forske ikkje er nokon "mirakelkur" og at ein møter på utfordringar. Likevel betyr rettleiarrolla læraren får og medvitet hos elevane om at det er ein jury som skal vurdere prosjekta deira, at det oppstår ein ny dynamikk i klasserommet: "[...] det verka som terskelen for å spørje om hjelp blei lågare. Eg trur heller ikkje ein skal undervurdere kor motiverande det kan vere å delta i ein konkurranse med såpass solide premiar".  

Lærarane som deltek i Holbergprisen i skolen står veldig fritt med omsyn til å utforme deltakinga sjølve. Nokon skular har svært faste opplegg der læraren vel ut tema og metode, medan andre skular lar elevane stå heilt fritt. På Spjelkavik vgs. valde lærarane å ha eit relativt stort tema å arbeide innanfor, og elevane sto ganske fritt metodisk, noko som påverka ulike elevgrupper ulikt: 

I elevrefleksjonane ser eg at mange elevar har opplevd det som veldig positivt å ha ganske frie rammer, og at det å kunne fordjupe seg i eit sjølvvalt tema har vore motiverande. Samtidig ser eg at nokre har streva litt, og sikkert kunne hatt nytte av eit betre «stillas» i form av nokre tydelegare rammer. Eg har lyst å få til ei betre differensiering her -  stor fridom til dei som toler det, og fastare rammer for dei som treng det.

Tilrår deltaking

I samtale med Hildegunn ser vi at både ho og elevane hennar har hatt mykje utbytte av deltakinga i Holbergprisen i skolen. På spørsmål om råd til andre lærarar som vurderer å søke deltaking, svarar Hildegunn at deltaking absolutt kan anbefalast. Det kan bli meir jobb, men "[...] samtidig står du ganske fritt til å legge det opp slik det passar deg og klassen din. Støtta frå sekretariatet, samarbeidet med forskarkontakten og det engasjementet eit slikt opplegg kan vekke i elevane, gjer dette til eit opplegg det er veldig kjekt å vere med på."

Vi gratulerer Hildegunn Stokke Rasmussen med lærarprisen for rapporten "Det er så verdt det når man er ferdig".  Holbergprisen i skolen går no inn i eit nytt semester, og du kan søke om deltaking for deg, skulen din og elevane dine. Ta gjerne kontakt med sekretariatet dersom du har spørsmål knytt til deltaking 

Søk deltagelse i Holbergprisen i skolen 2021/2022