Lærarprisvinnaren 2018

21.08.2018

Deltaking i Holbergprisen i skolen kan bidra til å setje fagområde som humaniora, samfunnsvitskap, teologi og juss på kartet på din skule. For Kirsti Anita Røsand, vinnaren av lærarprisen i Holbergprisen i skolen2018, vart deltakinga ein perfekt måte å aktivisere elevane på ein heilt annan måte enn det som er mogleg i ein vanleg skulekvardag.

Deltaking i Holbergprisen i skolen er ein utviklande prosess både for lærarar og elevar, noko som ikkje minst gjaldt årets lærarprisvinnar, Kirsti Anita Røsand, som var ganske fersk i læraryrket. Deltakinga gir andre moglegheiter enn den ordinære skulekvardagen tilbyr, og Røsand viser mellom anna til at:

Motivasjonen for gjennomføre Holbergprisen i skolen var for det første å sette samfunnsfaga på kartet på skulen min. For det andre å utfordre litt dei elevaktive metodane som eg lika å drive med til vanleg. Det var ein perfekt moglegheit.

I diskusjon med lærarkollegiet blei ho tryggare ved å diskutere med kollegaer som hadde søkt tidlegare, samt at informasjon frå Holbergprisen i skolen gjorde det klart at både lærarar og elevar blir følgt godt opp i prosessen. Oppfølginga baserer seg på eit lærarseminar i Bergen, vitjing frå Holbergprisen i skolensitt sekretariat, samt kontakt gjennom året med ein forskarkontakt.

Prosessen

Røsand hadde eit ønskje om å arbeide meir elevaktivt. I motsetnad til undervisning der læraren formidlar kunnskap til elevane, fordrar elevaktiv læring at elevane sjølve tek ansvar for læringa gjennom å oppdage eller konstruere innhaldet sjølve. Holbergprisen i skolen er ideell til dette formålet, då elevane arbeider gjennom heile året med eit tema dei sjølve er interesserte i, og arbeider sjølvstendig med innhenting av kjelder og skriving av ein forskingsrapport. 

For å få til eit godt prosjekt, er det viktig å halde elevane motiverte undervegs i prosessen. Røsand valte å melde på ein programfagklasse i sosiologi og sosialantropologi, noko som var fordelaktig med tanke på at elevane sjølve hadde valt faget og i utgangspunktet derfor var antatt meir motiverte. Det blei lagt opp til fritt temaval, og elevane fekk sjølve dele seg inn i grupper. 

Opplevinga av prosjektet var ulik frå elev til elev, og frå gruppe til gruppe. Somme fann prosjektet overveldande og vanskeleg, medan andre var motiverte og engasjerte. Før første møte med forskarkontakten, engasjerte Røsand elevane med lesing av tidlegare elevprosjekt og brainstorming. Forskingskontakten gjorde elevane særleg merksame på kor sentralt metode er for ein god forskingsprosess, og kunne hjelpe elevane med å formulere gode forskingsspørsmål, velje relevant metode og gode kjeldetypar/ kjeldeutval. 

Kva lærer elevane?

Røsand peikar på at prosjektet er særleg ideelt for dei elevane som kan ønskje seg å gå vidare med høgskule- og universitetsstudiar innanfor det samfunnsvitskapslege feltet. Dette er nettopp fordi arbeid med vitskaplege forskingsmetodar vert så sentrale for slike utdanningsløp, og deltaking i skuleprosjektet byggjer elevane sin kompetanse på dette området. 

Ein viktig forskjell prosjektet utgjer jamført med den ordinære skulekvardagen, er at elevane får utstrekt grad av autonomi over si eiga læring og sin eigen arbeidskvardag. Der elevane er vane med å verte meir styrt, la Røsand opp til ein prosess utan fastsette datoar for vurdering og rettleiing. Dette utfordra elevane til å måtte lage eigne framdriftsplanar og halde seg til desse for å komme igjennom prosjektet. Forutan utfordringar knytt til tidsbruk i eige prosjekt, krev prosjektet meir kritisk tenking frå elevane si side enn dei er vane med frå andre undervisningssituasjonar. Røsand skildrar læraren si rolle i prosjektet som rettleiar heller enn undervisar, då elevane skapar sitt eige læringsinnhald. 

I prosjektet møter altså både lærarar og elevar utfordringar som måtte løysast undervegs. Dette kan vere ei god læring i seg sjølv, noko Røsand viser til som avsluttande kommentar i sin lærarrapport

Det fine med prøving er jo ikke bare at man lærer seg å takle å feile, men at man for hver gang man prøver har stadig større odds for å lykkes. Jeg takker Holbergprisen i skolen så mye for at dere ga oss muligheten til å delta.