Snart innlevering

24.03.2022

Fredag 1. april kl. 23:59 er fristen for å levere inn forskingsprosjekt til Holbergprisen i skolen 2021/ 2022. Frist for nominering til formidlingspåskjøning og for årets lærarrapport er fredag 8. april kl. 23:59.

Juryen er spente på å sjå årets innsendte bidrag i Holbergprisen i skolen. Enno eit år har elevar og lærarar over heile Noreg arbeidd fram forskingsprosjekt som skapar ny kunnskap om samfunnet kring oss. Gjennom lærarrapportane vil juryen også få innsikt i utfordringane og moglegheitene deltakinga i Holbergprisen i skolen gir dei deltakande lærarane, og nytt av året er også at skulane kan nominere kandidatar til formidlingspåskjøning

Innlevering til Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Innlevering lærarrapport Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Læring for framtida 

Holbergprisen i skolen sitt viktigaste mål sidan opprettinga i 2003 har vore å stimulere unge til å bli interesserte i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. For å oppnå dette er vi avhengige av å skape god kontakt mellom skulane og akademia, noko vi oppnår ved engasjerande og nyttige føredrag og workshops under det årlege lærarseminaret i Bergen, samt ved å knytte forskarkontakter til kvar einskilde skule/ klasse. Særleg kontakten med forskarkontaktane er verdifull sidan elevane får møte forskarar innanfor våre fagområde, som gir dei ein introduksjon til forskinga si verd. Forskarkontaktane er forskarar som kan lære elevane å sjølve tenke som forskarar, ved å spore dei til å vurdere sine eigne tankar og idear i forskingsprosjekta i eit kritisk perspektiv og få dei til å vurdere sine eigne val. Slik utviklar elevane kunnskap om forsking og formidling som vil kome til nytte når dei seinare skal gå i gang med høgare utdanning. 

Fagjuryen sitt arbeid

Sjølv om elevane sine forskingsrapportar ikkje er forsking på same nivå som det som førekjem i universitets- og høgskulesektoren, blir dei på mange måtar vurdert etter same standard som "ordinær" forsking av fagjuryen vår. Dette vil seie at juryen mellom anna vurderer om elevrapportane held god vitskapleg skikk og kvalitet gjennom språkbruk og forståing av terminologi og teoriar, og om det er vist til annan forsking på ein god måte med referansar og liknande. Vidare ser dei også etter sjølvstendige haldningar til annan forsking og vurderingar og avgjersler gjort undervegs i forskingsprosjektet. Vidare ser juryen etter elevrapportar som syner overskot i formidlinga og som er spennande og engasjerande lesing. Dette er berre nokre av "krava" juryen går etter i vurderingsarbeidet, og det å velje ut dei tre finalistprosjekta er alltid ei stor utfordring. 

Juryen vurderer også alle dei innsendte lærarrapportane. Rapportene gir gode innblikk i korleis det er å jobbe som fagperson i den vidaregåande skulen, korleis kunnskap blir formidla, og gir nye innsikt i pedagogikk, didaktikk og arbeid - og forståing av - læreplanane i våre fagområde. 

Framifrå formidling

I år deler også Holbergprisen i skolen ut tre formidlingspåskjøningar på 2000 kr til prosjekt som særleg utmerker seg med original, nyskapande eller framifrå formidling. Dette gir oss moglegheit til å løfte fram fleire ulike prosjekt og utvide konkurransen vår. Kandidatane kan vere prosjekt som løfter fram funn på ein annan måte enn det som vanlegvis vert gjort, til dømes i ny form eller gjer tilgjengeleg vitskaplege funn for nye grupper. Det kan også vere prosjekt som løfter ei viktig problemstilling og gir nye innsikter, eller prosjekt som syner fram våre fagområde og deira betydning for samfunnet. 

Innlevering til formidlingspåskjøning Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Holbergprisen i skolen ønskjer alle deltakarane lukke til i innspurten. Vi minnar også om at dersom du er nyfiken på konkurransen og kan tenke deg å delta, kan du gjerne sende oss ein mail på his@holbergprisen.no eller sende inn din søknad allereie no.