Vann lærarprisen med innovativ undervising

18.05.2016

Gode lærarar var avgjerande for at Holbergprisvinnar Stephen Greenblatt fann vegen dit han er i dag. Om lærarprisvinnar Linda Romøren si innovative tilnærming vil føre fram nye Holbergprisvinnarar er uvisst, men at det tenner ein gnist i elevane for samfunnsvitskaplege fag, er ho heilt overtydd om.

– På eitt eller anna tidspunkt møter du ein strålande lærar som når inn til deg. Eg hadde ei rekke slike og eg kan hugse korleis fleire av dei påverka meg, særleg då eg var yngre. Eg har sjølvsagt hatt berømte lærarar seinare, og eg er takksam overfor dei, men ofte er det dei som ikkje får så stor anerkjenning som rører djupast ved deg, seier Holberprisvinnar Stephen Greenblatt.

Les og høyr heile intervjuet her: "Alle drøymer om natta": Intervju med Stephen Greenblatt.

For hans del vart desse møta med gode lærarar avgjerande for at han fann vegen til litteraturstudium og ei karriere som ein av vår tids fremste spesialistar på Shakespeare og renessansen. 

Om ein framtidig Holbergprisvinnar kan vere blant elevane til Linda Romøren på Randaberg vgs. er alt for tidleg å seie. To ting kan ein likevel slå fast: Ikkje berre er ho vinnar av årets lærarpris for sin innsiktsfulle rapport om arbeidet klassen og ho sjølv har lagt ned i prosjekta til Holbergprisen i skolen. Ho har også gleda av å sjå William Thomas Middelthon, ein av hennar eigne elevar, blant dei tre finalistane til Holbergprisen i skolen, med oppgåva "Venteromskultur".

– Det er kjekt å få anerkjenning for det du gjer. Undervegs lurer du gjerne på om det du gjer er riktig, om du har styrt elevane for mykje eller for lite. Å få slik anerkjenning er betryggande, for då er det nokon andre som også tenkjer at dette er ein lur måte å jobbe på. Eg har følt sjølv at det var bra, så det er kjekt at andre synst det også, seier Romøren.

Levande undervising

Dei siste fire åra har ho nytta ein fagdidaktikk innan sosialantropologi i undervisinga som ligg svært tett opp til arbeidsmåten som Holbergprisen i skolen legg opp til. Metoden er som følgjer:

Om hausten sender ho ut elevane på eit lite ministudium: Gå i skulekantina, observer og finn ut kva køkultur og kantinekultur er for noko. Etter drøfting og samanlikning av observasjonar tilbake i klasserommet tek dei til på pensum, medan dei samstundes startar på sine eigne, sjølvvalde forskingsprosjekt som dei jobbar med gjennom året, parallelt med undervisinga.

Les også dette intervjuet med Linda Romøren: Fra reproduksjon av kunnskap til selvstendig tenkning

– For kvart kapittel ser ein kva ein kan dra ut og nytte i kvart prosjekt. I drøftinga kan eg introdusere teoriane til Erving Goffman og andre gjennom elevane sine observasjonar, så då er teorien ikkje så skremmande lenger. Det blir noko heilt anna å gå ut og gjere forsking sjølv enn å berre lese om det i boka. Elevane får eit anna eigarskap til undervisinga, og det hender at det er dei som kjem til meg og ber om hjelp til å skjøne ulike teoriar, seier Romøren.

Lenger enn nokon gong

I år, når klassen hennar har delteke i Holbergprisen i skolen, har elevane blitt nøydde til å strekke seg lenger enn nokon gong før.

– Eg gjorde det obligatorisk for alle å vere med til eit visst punkt, deretter var det frivillig. Eg forlangte meir av dei som konkurrerte, og fem av sju grupper vart med heilt til slutt. Om eg har lagt nivået for høgt er eg litt usikker på. Eg har late dei styre, men dei var temmeleg slitne på slutten, seier Romøren.

Det avgjerande for at Romøren vart vinnaren av årets lærarpris er likevel ikkje kor effektive undervisingsmetodane er, eller kor flinke elevane hennar har vist seg å vere. Det som vert vurdert er Romøren sin rapport om arbeidet med prosjekta til Holbergprisen i skolen, der Romøren skildrar og reflekterer kring prosessen ho har leia elevane gjennom.

– Eg såg tidleg at om vi skulle få til noko som var fagleg relevant måtte ein hekte observasjonane på teori. Det mest utfordrande er å tilrettelegge teoriane innan faget til eit nivå og eit språk som passar for elevar på vidaregåande. Eg prøvde å gje elevane artiklar på engelsk, men det vart for vanskeleg. Eg skriv mellom anna i rapporten at dersom nokon kunne ta jobben med å lage ei artikkelsamling eller fem med teoriar som elevar på vidaregåande kunne velje mellom til sine prosjekt, hadde det vore til god hjelp, seier Romøren.

Eigarskap til prosjektet

Målesettinga for Holbergprisen i skolen er mellom anna å stimulere interesse for samfunnsvitskap, humaniora, teologi og juss blant elevane. Romøren er ikkje i tvil med at prosjektet har fungert for hennar elevar.

– At interessa for desse faga har vakse blant elevane er eg heilt sikker på. Eg ser gleda dei har av å ha fått dette til. Når dei sit med rapporten og har hatt si munnlege framføring har dei meistra noko ganske stort. Når eg spør elevane seier dei at det har vore spennande, men krevjande, med vekt på spennande. Eg trur det er fordi dei føler at prosjektet er deira, seier Romøren.