Kortlista for Holbergprisen 2017 er klar

27.10.2016

Under Holbergkomitéen sitt møte i Wien 20.-22. oktober blei årets kortliste for kandidatar ferdigstilt, og vi er dermed eitt hakk vidare i prosessen med å finne ein verdig Holbergprisvinnar for 2017.

Holbergkomitéen, under leiing av Pratap Bhanu Mehta, har hatt ein krevjande jobb med å velje ut dei beste kandidatane etter at nominasjonsfristen for Holbergprisen 2017 gjekk ut i midten av juni. Det kom inn i alt 109 nominasjonar på unike 99 kandidatar. Dette er det høgaste talet nominasjonar sidan oppstartsåret 2004 og det høgaste talet for enkeltkandidatar nokon gong. Geografisk er det igjen ei overvekt av nominasjonar frå akademiske miljø i Nord-Amerika og Europa, og til gjengjeld relativt få frå Asia, Afrika og Sør-Amerika.

I grovinndeling er det flest kandidatar frå humaniora og samfunnsvitskapane. Det er likevel god fagleg breidde, med rekordmange nominasjonar både for rettsvitskap og psykologi.

Kortlista er klar - Kva skjer no?

Holbergkomitéen består av internasjonalt anerkjende forskarar innanfor fagdisiplinar som er dekt av Holbergprisen. Sekretariatet støtter arbeidet deira praktisk, men komitéen står elles heilt uavhengig i si faglege vurdering av kandidatane. Etter at kortlista no er bestemt, er neste ledd i prosessen at det blir innhenta referentrapportar for dei ulike kandidatane. Rapportane blir skrivne av andre respekterte forskarar med meir spesialisert kjennskap til dei ulike kandidatane sine forskningsfelt.

Etter at rapportane har kome inn vil Holbergkomiteen vil møtast igjen i midten av februar og kome fram til kven dei tilrår som mottakar av Holbergprisen 2017. Holbergprisen sitt styre veljer holbergprisvinnar på bakgrunn av komiteen si anbefaling, kort tid etter.

Prisvinnaren blir kunngjort for offentlegheita den 14 mars, kl 09:00. Kunngjeringa finn stad på Bibliotek for humaniora ved Universitetet i Bergen, og blir direktesendt her på nettsida.

Nye moglegheiter i 2018

Alle vitskapleg tilsette ved forskingsinstitusjonar eller akademi kan nominere kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Veit du om ein aktuell kandidat? Meir informasjon om nominasjonsprosessen for Holbergprisen 2018 finn du på denne sida. Skjemaet blir lagt ut i slutten av november.