Nominasjonsstatistikk for Holbergprisen 2022

15.09.2021

Prosessen med å velje ein Holbergprisvinnar er i gang. Fredag 6. oktober møttest Holbergkomitéen for å diskutere nominasjonar til Holbergprisen 2022 og for bli samd om ei kortliste over aktuelle kandidatar.

Det kom inn i alt 110 nominasjonar fordelt på 93 kandidatar til Holbergprisen 2022 innan nominasjonsfristen den 15. juni. Dette er nokså likt med gjennomsnittet for dei siste fem åra, og koronapandemien ser dermed heller ikkje ut til å ha hatt vesentleg innverknad på nominasjonstala i år. 29 prosent av nominatorane har òg nominert kandidatar til prisen tidlegare, og heile 41 prosent av kandidatane har vore nominerte ein eller fleire gongar før. Om lag ein tredjedel av nominasjonane som har kome inn har nominator og kandidat frå same institusjon.

Geografisk fordeling

Akademiske miljø i Nord-Amerika og Europa dominerer både på nominator- og kandidatsida. Denne tendensen har vore stabil heilt sidan Holbergprisen blei oppretta i 2004. Tabellen under syner den geografiske fordelinga for kandidatar i 2022 samanlikna med gjennomsnittet for 2004–2022. Det er her viktig å notere seg at sorteringskriteriet i denne samanhengen er primær institusjonstilknyting / arbeidsland, ikkje fødeland eller statsborgarskap. I denne oversikta er Israel rekna som tilhøyrande Midt-Austen, og Russland reknast til Europa.

Geografisk foredeling kandidatar
Geografisk fordeling av kandidatar til Holbergprisen 2022 samanlikna med gjennomsnittet 2004­–2022.

Meir i detalj ser vi at om lag ein tredjedel av nominatorane og halvparten av kandidatane kjem frå USA. Dernest kjem Storbritannia, Italia og Tyskland høgast ut på kandidatsida, og Storbritannia, Tyskland og Norge høgast ut på nominatorsida. Det samla talet på nominasjonar av kandidatar utanom Europa og USA er på 15 %.

Fagleg fordeling

Både «humanities» og «social sciences» er breie samlekategoriar som dekkjer store og samansette fagfelt, så her bør det poengterast at det er gråsoner for inndelinga, særskilt i og med at mange av kandidatane har tilhøyrsle til fleire ulike fagfelt, noko det har vore vanskeleg å spegle i statistikken på ein oversiktleg måte. I grove trekk kan vi likevel slå fast at det er 6 prosenteiningar fleire nominasjonar av kandidatar innanfor samfunnsvitskapane i 2022 enn i eit gjennomsnittsår. Det er også nokre færre nominasjonar innanfor rettsvitskap enn normalt.

Academic fields vs. average
 The 2022 Holberg Prize Distribution of Candidates' Academic Fields vs. Average.

I ei meir nyansert inndeling, synt underståande, er det litteraturvitskap, historie, sosiologi, rettsvitskap og psykologi som ligg øvst på statistikken for 2022. For somme fagfelt der det har vore vanskeleg å sette opp noko fornuftig skilje mellom disiplinane har vi valt å slå saman nærliggande fagfelt. Dette gjeld blant anna lingvistikk og andre språkfaglege studium, og samanfatting av ulike retningar innan psykologi, samt ein felles kategori for pedagogikk og utdanningsstudium.

detaljert_nominasjonsstatistikk
Detaljert oversikt for fordeling av fagfelt: Kandidatar til Holbergprisen 2022.

Vegen vidare

Holbergkomitéen møttest fredag 6. oktober under leiing av komitéleiar Heike Krieger, for å utarbeide ei kortliste over aktuelle kandidatar utfrå nominasjonane som har kome inn. I det vidare arbeidet med å velja prisvinnar vil fagfellerapportar for kortlistekandidatane bli innhenta. Desse rapportane vil danna eit viktig grunnlag for komitéens neste møte i februar, der dei skal formulere ei endeleg oppmoding til styret om kven dei meiner bør motta Holbergprisen 2022. Vinnaren blir kunngjort medio mars 2022.

Nominasjonsskjemaet for 2023 opnar i november

Alle vitskapleg tilsette ved forskingsinstitusjonar eller akademi kan nominera kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Kjenne du til ein aktuell kandidat? Meir informasjon om nominasjonsprosessen for Holbergprisen finn du på denne sida. Nominasjonsskjemaet for Holbergprisen 2023 blir lagt ut i slutten av november.