Sivilisert konflikt i brytningstid

05.12.2016

Korleis kan vi legge til rette for “sivilisert konflikt” i eit multikulturelt samfunn, som er prega av eit skiftande medielandskap, ulike verdsbilete og ulike tersklar for akseptable ytringar? Dette var eit av spørsmåla som var oppe til diskusjon då Holbergdebatten gjekk av stabelen 3. desember, med Timothy Garton Ash som hovudgjest.

Eit fullsett auditorium fekk med seg Holbergdebatten laurdag 3. desember, som tok utgangspunkt i eit intervju med Professor Timothy Garton Ash og tema frå hans nyaste bok: Free Speech: Ten Principles for a Connected World (2016). Timothy Garton Ash er professor i European Studies og direktør for European Studies Centre ved St. Anthonys College, Universitetet i Oxford. Han er kjend blant anna som politisk skribent, og er fast bidragsytar for blant anna The Guardian, The New York Review of Books og The Washington Post.

Etter intervjuet fekk Garton Ash selskap i panelet av Jostein Gripsrud, professor i informasjons- og medievitskap med Universitetet i Bergen, og Kari Steen-Johnsen, som er forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning og har delteke i prosjektet "Status for ytringsfriheten i Norge (2015-2017)". Anine Kierulf, postdoktor ved Senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo var ordstyrar for kvelden.

Berlinmuren i bakgrunnen

Garton Ash har arbeidd mykje med Sentral- og Aust-Europa, og opplevd fleire av dei viktige skifta i europeisk politisk historie på nært hald. Sidan seint på 70-talet har han skrive om frigjeringsprosessen for austblokklanda, og seinare utviklinga av den Europeiske Union.

 «Eg var busett i Berlin på austsida av muren i tida før omveltinga i 1989, kjente mange av dei politiske dissidentane og solidaritetsrørsleleiarane, og har opplevd korleis det er å vere under overvaking frå Stasi (…) Det er klart at desse personlege erfaringane med sensur og overvaking har vore viktige for mine standpunkt og tankar om ytringsfridom. (…) Eg har stadig eit polsk sensurvedtak for ein av artiklane mine frå 1989 hengande på toalettveggen heime i Oxford, som minne.»

Særskilt i lys av Brexit og den uroa som har vore omkring det europeiske prosjektet den siste tida, seier Ash, er det viktig å minne seg om kor enormt viktig utviklinga av EU har vore for fridomskampen i Europa.

Ytringsfridom i eit globalt nabolag

Parallelt med dei omfattande politiske endringane i samfunnet, har massemigrasjon og moderne teknologi fundamentalt har endra vilkåra for korleis vi kommuniserer med kvarandre. «Internettet, og særskilt smarttelefonen, set oss potensielt i stand til å ha direkte kontakt med over halvparten av verdas befolkning. I dagens verd er vi alle som naboar for kvarandre.»

I prosessen med å skrive Free Speech: Ten Principles for a Connected World har Garton Ash vore medviten om å inkludere materiale og perspektiv frå ikkje-vestlege land. I alt har dei ti prinsippa boka tek opp vore omsett til og debattert på tretten ulike språk, med utgangspunkt i prosjektet sin nettstad freespeechdebate.com, som Garton Ash driftar med støtte frå forskingsgruppa ved Universitetet i Oxford. Det fleirspråklege arbeidet har vore enormt arbeidskrevjande, fortel Ash, men samtidig naudsynt for å få full innsikt i globale problemstillingar knytt til ytringsfridom.

«Om du tek ein kikk på den kjende litteraturen som finst om ytringsfridom, kor mange døme finne ein då frå land som Russland, Kina, Brazil eller India? Nesten ingenting. Diskusjonen er fullstendig dominert av vestlege kjelder. Men frontlina for ytringsfridomen ligg ikkje i Europa, og absolutt ikkje i USA, men derimot i land som Russland, Kina og Brazil. Det er desse som er ytringsfridomens vippestatar. (…) Og det er viktig at desse språksfærene blir inviterte til å delta i diskusjonen.»

Eit verkeleg interessant trekk ved internettet, påpeikar Garton Ash vidare, er korleis dei politiske grensene mellom land og regionar blir bygde ned, medan dei språklege grensene mellom verdas språksfærer – i Ash sin terminologi «Wikinations» – har halde seg oppsiktsvekkjande stabile. Vi treng ei fleirspråkleg tilnærming for å kunne gripe an ytringsfridomsdebatten på eit verkeleg internasjonalt nivå.

«Førebels er erfaringa at det er stor grad av overlapp i kva folk bryr seg om på tvers av dei lingvistiske grensene. Overalt er vi menneske opptekne av verdien av privatliv, anonymitet, restriksjonar for ytringsfridom vekta opp mot nasjonal tryggleik, vi er opptekne av korleis vi snakkar med kvarandre og korleis vi kan legge til rette for sivilisert konflikt.»

Rettsvesen, stat og sivilsamfunn

Internettet ber med seg nye moglegheiter, men òg store utfordringar. Korleis skal vi takle den eksplosjonen av hat, sjikane og idioti som internettet har mogleggjort? Det sentrale spørsmålet å avklare, er ifølgje Ash, kva som skal regulerast av det offfentlege og juridiske sanksjonar, og kva vi heller bør regulere som sivilsamfunn.

«Eg trur vi i Europa altfor ofte vender oss til staten og det offentlege for hjelp til å handtere sosial usemje og hatsytringar. Mi haldning er, at vi i eit fritt samfunn bør strebe etter å regulere så mykje som mogleg som sivile borgarar og kun eit naudsynt minimum gjennom lov og rettssystem. Her meiner eg det er formålstenleg å skille mellom hatytringar og farlege ytringar. Rettsvesenet bør konsentrere seg om potensielt farlege ytringar, som direkte eller indirekte kan føre til faktiske voldshandlingar, fysisk skade eller alvorleg psykologisk skade. Sjølv eit slikt avgrensa utval vil utgjere ei enorm mengde tekst og informasjon, så staten vil uansett aldri ha kapasitet til å regulere alt.»

Å bygge eit robust offentleg ordskifte

For å møte samtidas utfordringar tek Garton Ash til orde for at vi må bygge eit robust sivilsamfunn, som ikkje kneblar upopulære eller problematiske stemmer, men til gjengjeld stiller krav om folkeskikk, takhøgde og ei breidde av meiningar.

«Det vi treng er ein balansegang, der det er rom for å snakke om alt, sjølv dei mest vanskelege tema. For mykje folkeskikk og politisk korrektheit gjer at vi ikkje får tatt dei viktige diskusjonane, for lite folkeskikk og vi endar med krangel og nasestyvarar heller enn konstruktiv debatt.»

For å skape ein slik offentleg debattkultur kviler det eit enormt ansvar på skular og universitet, slår Ash fast. Dei utgjer øvingsrom for ytringsfridomen. Det er her ein først blir eksponerte for nye og framande meiningar, og kan lære teknikkar for å utforske ulike standpunkt og argumentere. (…) Det er viktig at vi hegnar om skulane si rolle som opne fora for meiningsutveksling. I alle situasjonar der det er snakk om å stenge ute eller kneble ytringar må vi tenke oss grundig om og spør om dette verkeleg er naudsynt. Som regel er det ikkje det.»

Det naudsynte privatlivet

Privatlivet dannar ein viktig føresetnad for ytringsfridom, påpeikar Anine Kierulf. «Det at ein har moglegheit til å trekke seg attende, tenkje gjennom standpunkta sine og prøve ut idear i ei trygg sfære, blant vener, er viktig for at ein skal kunne danne seg meiningar. Men dette private rommet er utfordra i vår tid, både av internettet, og av dei store supermaktene, som vi har sett blant anna med NSA-saka og avsløringane frå Snowden. Kva tenkjer du om det?»

«Internettet har nokre heilt grunnleggande karakteristika som er interessante i denne samanhengen. Det eine er korleis det komprimerer tid og rom. Tidlegare kunne ein rekne med at ytringar ville gå i gløymeboka på sikt. No derimot, vil det du skriv på internett i Bergen, i dag, stadig vere tilgjengelig på eit blunk i Bangalore om 20 år.»

«Ein anna ting er at internett gjer det enklare å gjere informasjon offentleg, men mykje vanskelegare å vere privat. Og privatliv er ikkje ein luksus som må balanserast opp mot ytringsfridom, det er ein grunnleggande føresetnad for ytringsfridom. Kvifor var det så forferdeleg å bu i Aust-Berlin før murens fall? Fordi du ikkje hadde privatliv, og aldri kunne vere viss på at ingen lytta. Samtidig, er mengda informasjon Stasi-generalane hadde om innbyggarane i si tid ingenting samanlikna med det Facebook eller Google veit om brukarane sine i dag. Måten vi brukar sosiale media på i dag er avhengig av ein enorm tillit til dei private supermaktene.

Dobbelt urovekkjande blir situasjonen når desse private supermaktene deler informasjonen med dei statlege supermaktene, som saka med NSA og Snowden er eit godt døme på. Ein slik allianse kan potensielt utgjere eit veldig farleg totalitært regime, og ei slik utvikling er det viktig at vi står imot.»

Status for ytringsfriheten i Norge

Kari Steen-Johnsen er forskingsleiar ved Institutt for samfunnsforskning og deltek i prosjektet "Status for ytringsfriheten i Norge (2015-2017)". Under debatten deler ho somme av funna frå deira arbeid med ytringsfridomsspørsmål i ein norsk kontekst.

«Overordna sett er kåra for ytringsfridomen gode i Noreg. Vi har eit stabilt og konsensusbasert politisk system, demokratisk overskot og eit sterkt vern for ytringsfridom i lovverket. Vi har gjort både kvalitative og kvantitative undersøkingar. Den gjennomgåande haldninga er at hatsytringar bør vere tillate, og at vi så langt som råd bør unngå innskrenkingar av ytringsfridom gjennom lovregulering og juridiske sanksjonar.»

«To utfordringar for ytringsfridomen i Noreg peikar seg ut. Den første utfordringa er knytt til sjølvsensur. Berre 9% av dei spurte seier at dei ville vere villige til å ytre seg offentleg om ei sak som var viktig for dei, viss det inneber ein risiko for å støte andre. Etniske minoritetar har blitt meir synlege i den offentlege debatten dei siste åra, men likevel er det stadig mange som unngår å ytre seg offentleg, fordi dei fryktar å bli oppfatta kun som ein etnisk stereotypi.(…) Vi ser òg eit interessant paradoks i tilfellet for innvandringskritiske personar. Dei er villige til å uttale seg sjølv om det er fare for å bli oppfatta som rasist eller fornærme nokon, men er mindre villige til å uttale seg dersom dei opplever at det er risiko for å bli latterleggjort. Dei er altså både meir på offensiven og meir hårsåre for kritikk enn før.»

"Den andre utfordringa er knytt til kulturen for politisk debatt i sosiale medier. Vi ser gjennomgåande ein tendens til auka politisk polarisering i synet på kva vi skal tolerere i det offentlege ordsiktet på sosiale medier. På den eine sida ein ekkokammer-effekt, men òg det vi har valt å kalle skyttargravskrig. Når vi spør folk kven dei diskuterer med, oppgir dei ofte at dei diskuterer med personar som har ei anna oppfatning enn dei sjølve, men at denne diskusjonen svært sjeldan får dei til å skifte standpunkt.»

Retten til informasjon

Det er viktig å understreke at ytringsfridom også handlar om informasjonsfridom, kommenterer Gripsrud. At det også handlar om vern av rettane til den som lyttar og allmugen. "Vi har bruk for eit offentleg rom der vi kjem på utsida av dei trygge boblene og får bryna meiningar mot kvarandre, som det skjer blant anna i dei større avisene og i rikskringkastinga, det som Cass Sunstein ville kalla general interest intermediaries

«Det blir stadig vanskelegare å avgjere kvar grensene mellom det private og offentlege skal gå. For å kunne seie noko fornuftig om dette temaet, meiner eg det er meir formålstenleg å snakke om land enn å snakke om kulturar, då kultur-begrepet ofte blir brukt vagt og generaliserande. Ta den praksisen ein har hatt både i Noreg og Sverige med å publisere skattelister offentleg. Å gjere noko tilsvarande i Storbritannia ville vore straffbart. (...) Det er tankevekkjande land som er såpass like, har så ulike grenser for dette.»

Med tanke på korleis ein kan sikre informasjonsfridom understrekar Garton Ash igjen kor viktig rolla til skular og universitet er, ved sida av trykte media og offentlege kringkastingstenestene. «Når ein har ei god offentleg kringkastingsteneste, så ta for guds skyld vare på denne for alt den er verdt. Sørg for at dei har nok pengar og nok fridom.

Men uansett er det viktig at vi tek innover oss omfanget av mediesfæreendringane", seier Ash." Med inntoget av private eigde offentlege sfærar (POPs), som attpåtil er internasjonalt forankra, er spelereglane no heilt endra. Størsteparten av befolkninga får no 30-40% av sine nyhende frå Facebook. Dette er dramatisk. Det er som om Liechtenstein plutseleg skulle blitt ei supermakt i løpet av eit par år. Sjølv om dei som styrer føretaka kan vere gode, liberale borgarar utan ynskje om å innskrenke ytringsfridom, så er det nær uunngåeleg at dei kjempar med å handtere makta dei har fått på ein god måte.»

«Eg trur ikkje det har noko for seg å innta ei konfrontatorisk haldning overfor dei private supermaktene. Det vil vere betre å tenkje at vi må engasjere oss i samtalen og rådslå om korleis dei best kan handtere dette maktoverskotet.» seier Garton Ash.

***

(NB: Det overståande er kun utdrag, ikkje ei fullstendig attgiving av det som var debattert. Heile ordskiftet frå den 3. desember kan sjåast i videoen øverst i saka.)

Holbergdebatten er en markering av Ludvig Holbergs opplysningstanke og vil søke å finne svar på sentrale samfunnsspørsmål. Debatten blir arrangert årvisst på Holbergs gebursdag, 3. desember, og for første gang i 2016.