– Kvotehandel under lupa: Intervju med Sanja Bogojević

24.05.2016

Er miljøspørsmål noko som angår juristar? Kva mekanismar kontrollerer kvotehandel og andre marknadsbaserte løysingar på miljøproblem? Det er nokre av spørsmåla Nils Klim-prisvinnar Sanja Bogojević svarar på i dette intervjuet.

Kva betyr denne prisen for deg og di forsking?

– Denne prisen er ei temmeleg spektakulær anerkjenning  av forskinga mi, og det er ei stor ære å vere Nils Klim-prisvinnar 2016. 

Kan du fortelje oss korleis du fann vegen til juss og miljørett?

– Eg hadde ikkje planer om å bli jurist. I staden hadde eg tidleg ei interesse for narrativ - korleis spesifikke verdssyn, perspektiv eller verkelegheiter kan bli konstruert gjennom utvalde byggesteinar av ord. Faktisk er det dette eg gjer i den rettsvitskaplege forskinga mi: Analyserer lover og juridiske tekstar og prøver å forklare korleis desse avbildar og rammar inn verkelegheita. Til dømes brukte eg diskursanalyse som ein måte å granske korleis vi drøftar og forstår karbonmarknadar.

Eg skreiv bacheloroppgåva mi om «environmental markets», marknadsbaserte løysingar på miljøproblem. Allereie då fanga miljørett merksemda mi, og eg søkte om å få gjere eit doktorgradsstudium på det same temaet. Eg er framleis fascinert av skiljet mellom det offentlege og det private som i høgste grad er til stades i diskusjonar om marknadsbaserte løysingar på miljøproblem. Med andre ord: Korleis individ blir eller kan bli regulert til fordel for eit felles gode.

Kan du utbrodere kva marknadsbaserte løysingar på miljøproblem er?

– Marknadsbaserte løysingar på miljøproblem er eit veldig vidt konsept. Det inkluderer karbonmarknadar, også kjent som handel med klimakvotar, marknadar for vatn og fiskekvotar, og handel med artsmangfald, med meir. Desse er ulike typar marknadar som kvar driv handel med noko som er relevant for miljøvern. Grovt oppsummert er tanken bak til dømes kvotehandel at du må skaffe eit utsleppsløyve for utsleppa dine. Om du skulle ha mindre utslepp enn du har løyve til kan du selje dette løyvet vidare. På denne måten får den som produserer utslepp eit økonomisk insentiv til å forureine mindre, slik at vedkommande kan selje overskotet på løyvet sitt.

Høyr heile intervjuet med Knut Melvær her (englesk):

Var klimaendringar og miljøproblem like mykje på dagsorden då du tok til å studere som det er i dag?

– Eg starta doktorgradsstudia mine i 2007, så miljøspørsmål var definitivt på agendaen. Likevel var den akademiske diskusjonen om karbonmarknadar dominert av økonomar. Det eg ønskte å gjere med mi forsking, var å skape eit rettsvitskapleg rammeverk for å analysere kvotehandel. Det eg oppdaga, var at når vi drøftar kvotehandel, snakkar vi eigentleg om mange ulike reguleringsformer.

Dermed laga eg det eg kallar dei tre modellane. Desse modellane er ikkje uttømmande, men eg nyttar dei for å illustrere kor mangfaldig vår forståing av karbonmarknadar er. I ein modell handlar kvotehandel om kostnadseffektivitet. I den andre handlar det om å erstatte ein kvar byråkratisk kontroll av såkalla felles gode med private eigedomsrettar. Den tredje modellen forstår kvotehandel som ei regulering av miljøet, med fleksibilitet bygd inn.

Forskinga mi viser at vi ikkje kan anta at karbonmarknadar er ukompliserte. I staden avdekker dei vanskelege spørsmål, til dømes: I kva grad skal ein tillate statleg intervensjon i karbonmarknadar, kva er dei regulatoriske rammene for karbonmarknadar, kvifor tyr vi til karbonmarknadar og med kva juridiske konsekvensar? Eg fann at forskinga mi skapte eit rammeverk for rettsvitskapleg analyse som ikkje eksisterte for karbonhandel tidlegare.

I forskinga di snakkar du om kulturelle spesifisitetar i miljørett. Kan du utbrodere?

– Marknadar er ikkje nøytrale, dei er kulturelt konstruerte, noko som betyr at dei er avhengige av den juridiske konteksten dei eksisterer i. Måten vi diskuterer kvotehandel i EU vil vere veldig ulik måten vi diskuterer liknande handel i USA. Den andre modellen som eg nyttar seier at partane i ein karbonhandel kan avgjere vilkåra seg imellom. Den modellen er sterkt påverka av public choice-teori og er den fremste modellen innan den opphavlege amerikanske rettsvitskaplege forskinga. Den spelar, derimot, ikkje noka vesentleg rolle i rettsvitskapleg forsking i EU. Det dette viser, er at lova ikkje er nøytral. Den er avhengig av meininga som dommarar og dei som tek politiske avgjerder tillegg den, og dermed vil lova si betyding vere inspirert av konteksten den er nytta i.

Du har ei doktorgrad frå Oxford universitet. Var det noko som overraska deg ved svensk juss då du kom tilbake til Sverige med eit perspektiv utanfrå?

– Eg burde poengtere at eg er fødd i Sverige, men kom tilbake for å jobbe ved Lunds universitet i 2011 etter å ha studert ti år i utlandet. Tillit til staten ligg til grunn for det svenske rettssystemet, og det er noko eg tykte var både interessant og annleis enn mange andre rettssystem eg har studert, til dømes USA. Det kan forklare kvifor privat rettsmekling spelar ei mindre politisk rolle her samanlikna med mange andre land.

Dette er faktisk mitt neste prosjekt. Eg jobbar no med rettslege avgjerder: korleis dommarar avgjer saker som gjeld miljørettar. Dei førebelse resultata mine viser at den rettslege tilnærminga varierer mykje mellom ulike rettssystem. Eg håpar å vise, med referanse til rettskultur og andre faktorar, kvifor det er slik, og kva dette eigentleg betyr for rettsmekling av miljørettar, med fokus på konteksten i EU.

Det verkar som det er mykje på spel innan miljørett. På eit vis er lova ein måte å hindre at verda går under. Har juristar og rettsvitarar eit ansvar i å forklare betydinga av  miljørett?

– Ja, eg er overtydd om at juristar har ansvar for å forklare og vise kvifor juss er viktig. Når det gjeld juss som ein måte å hindre øydelegging av miljøet, eller som du seier, at verda går under, trur eg at det er viktig å anerkjenne at lovverk har ei viktig rolle å spele her, men at det ikkje er eit enkelt verktøy som lett kan fikse ting.

I staden er det ein juridisk konstruksjon som ofte er omdiskutert og vanskeleg å einast om. Til dømes: Sjølv om vi kan finne ein konsensus om at klimaendringar er eit faktum, så er spørsmål om kvifor klimaendring skjer og kva tiltak ein treng sette i verk svært omdiskuterte. Sidan lova er avhengig av den juridiske kulturen for tydinga si, er desse omdiskuterte sakene integrerte i miljølover. Forskinga mi peikar på nokre av dei omdiskuterte kjernespørsmåla  i samband med karbonhandel, og desse tener både til å gje oss ei betre forståing av karbonhandel, og til å føre diskusjonen vidare.