Formidling og rapportskriving

Korleis formidle kunnskap du har bygd opp? Og korleis skal ein forskingsrapport i Holbergprisen i skolen sjå ut? Korleis skrive rapporten så juryen forstår korleis de har jobba og kva de har funne ut?

29. oktober 2020
Lesetid: 3 minutter

Som deltakarar i Holbergprisen i skolen skal de finne ny kunnskap og samstundes også formidle dette i ein forskingsrapport. Forskingsrapporten skal fange lesaren si interesse og vise lesaren korleis de har bygd opp prosjektet og kva de har funne ut. Frå innleiinga i rapporten og til konklusjonen skal de difor gjere greie for: Kva som gjorde dykk interesserte i tematikken; for problemstillinga  og bakgrunnen for den; kva for metode de har valt; kva for kjelder de har nytta; kva teori og litteratur rapporten bygger på; og kva analyser og konklusjonar de har kome fram til. Alt dette skal formidlast i rapporten på ein engasjert, klar og presis måte.  

Image
formidling og rapportskriving
Ein god forskingsrapport gjer det lett for lesaren å forstå både motivasjonen for forskningsspørsmålet, kva framgangsmåte ein har nytta og kva dei viktigaste funna frå prosjektet er. Den store utfordringa er vanlegvis å avgjere kva ein skal ta med og kva ein skal utelate. I muntleg formidling lyt ein ofte vere enno meir kortfatta og tenkje nøye gjennom kva som er dei viktigaste tema å ta med. Illustrasjon: Sissel Ringstad, Farsott AS

Kom i gang med skrivinga

Sjølv om 15 sider kan synast mykje, blir alt så mykje enklare om de kjem i gang med skrivinga tidleg. Eit blankt dokument utan tekst kan virke avskrekkande, og det er difor lurt å byrje å notere med ein gang. Dersom de sit att med rapportskrivinga til slutt, kan det vere at de har gløymt dei gode argumenta for kvifor de valte kvalitativ metode som utgangspunkt, eller kvifor de valte å bruke omgrepet “sosial klasse” i analysen heller enn andre omgrep som kunne vore relevante. 

Om de er fleire i gruppe, kan de gjerne starte med eit samskrivingsdokument tidleg, der de noterer ned alle idear og innfall de kjem på i byrjinga av prosjektet. Tenk på skrivinga som ein prosess der de også utviklar prosjektet dykkar, heller enn å berre skrive ned resultata etter at prosjektet er ferdigstilt. Skriving allereie frå oppstarten gir moglegheit for å reflektere og revidere undervegs. I denne fasen kan de også teste skrivinga dykkar på andre, til dømes ved å vise det til medelevar, læraren, forskarkontakten og/eller bibliotekaren. Då kan de fort finne ut om de formidlar godt, og ofte få tips, råd, og kanskje forbetringsforslag.   

Image
Ferdigstilling_potteskår
For å komme i mål med forskningsprosjektet er det naudsynt å sette strek ein stad. Det er heilt normalt om du enno manglar nokre bitar og sitter igjen med spørsmål utan svar, eller heilt nye spørsmål, ved slutten av prosjektperioden. I forskingsrapporten tel det berre positivt om de peikar på dette, og gjer refleksjoner om kva for spørsmål som kan følgjas opp vidare. Illustrasjon: Sissel Ringstad, Farsott AS.

Korleis formidle det de har lært 

Det finnast mange stader å hente inspirasjon til god formidling. Ta til dømes ein kikk på dei tidlegare finalistoppgåvene levert inn til Holbergprisen i skolen, som ofte har utmerka seg med god formidling. Eit anna godt tips er å lytte til forskarkontakten, som ofte er vant til å uttrykke seg klart, presist, og "akademisk". Ved å lytte og observere og bruke skriveprosessen godt, kan de kome fram til god argumentasjon for, og presentasjon av, funna dykkar. Nokre ting er ekstra viktige å hugse på undervegs i skrivinga:   

  • De bør ikkje vere innadvendte. Det må kome heilt klart fram for juryen og lesaren kva de faktisk meiner med eit omgrep som til dømes kriminalitet.   
  • De bør vere argumentere for alle val. Det må kome heilt klart fram kvifor de har valt kvalitativ eller kvantitativ metode, og kvifor dette passa best i dykkar prosjekt.  
  • De må skrive etteretteleg. All teori og liknande må refererast til i ein gjennomført referansestil.
  • De bør ha eit godt språk. Dette kan synast overflødig dersom det reint innhaldsmessige er godt, men gode vendingar, ordspel og liknande kan syne juryen at de har arbeidd godt med teksten. 
  • Rapporten kan i tillegg til det reint skriftlege også innehalde bilete, grafar, illustrasjonar og liknande. Det er viktig å hugse på at desse må ha ein klar funksjon i rapporten. Det vil seie at dei til dømes kan gjere det enklare for juryen å forstå eit statistisk moment, eller forstå utstrekning av eit område ved hjelp av eit kart.  
  • Som tidlegare nemnt bør rapporten vere rundt 15 sider. De kan også legge til ulike vedlegg som intervjuguide, transkribering av intervju, og skanna dokument. Desse tel ikkje med i sidetalet.  

Korleis avslutte rapporten 

For å avslutte rapporten, er det ofte lurt å ta opp att moment frå innleiinga i avslutninga. Ta, til dømes, opp att litt av bakgrunnen for at de valte å undersøke noko med eit minoritetsperspektiv, og sjå dette opp mot resultata de fann. Av og til stadfestar ein eigne hypotesar, medan ein andre gonger får hypotesane avvist. Kanskje finn de heller ikkje ut noko anna nytt enn det forskinga seier frå før, og det er også eit funn.