Tips til innspurten

16.03.2022

Det å forske er ein morosam, men også ein krevjande prosess. Kvart år får nye elevar prøve seg på forsking i Holbergprisen i skolen. Her er fjorårets finalistar sine refleksjoner, tips og råd fra eigen forskingsprosess

Korleis kome fram til eit tema? 

Årets deltakende elevar har fått erfare at det å gå fra eit tema til eit konkret forskingsprosjekt kan vere ein vanskeleg prosess. Prosjektrapporten "Klimasøksmålet: konflikt i den norske maktfordelingen", skriven av Ingrid Wittendorff Humblen, Amalie Min Bergås, Rasmus Madsen Berg og Herman Fjell Lerstad ved Amalie Skram vidaregåande skule vant førsteprisen i Holbergprisen i skolen 2021. Temaet kom dei fram til då dei alle hadde eit miljøengasjement, og dei var også nyfikne på kva som kom til å bli utfallet av det såkalla "klimasøksmålet", som var mykje frame i media på den tida. Andreprisvinnarane kom framtid sitt prosjekt ved å utforske ei hypotese om at det å bli lest for som barn også gav betre lesevaner seinare i livet, medan tredjeprisvinnarane var nyfikne på relasjonane mellom Noreg og Russland i to nabosamfunn på Svalbard. På denne måten ser vi at det å kome fram til eit tema å forske på og utvikle det vidare til ei problemstilling kan ta mange ulike former. Ein ting det er viktig å ha i bakhovudet er at det er viktig å vere interessert i problemstillinga slik at den blir morosam å forske på. 

Kva for tips og råd?

Det med interesse er også eit råd som går igjen hos elevfinalistane våre. Til dømes tok interessa for naboskapet mellom Longyearbyen og Barentsburg elevane frå Longyearbyen skole ut på feltarbeid, der dei fekk oppleve eit nabosamfunn som sto både nært og fjernt deira eige. Dette feltarbeidet gjorde også det meir interessant og givende å skrive sjølve forskningsrapporten. Andre tips og råd som går igjen er å forholde seg objektivt til det ein samlar inn av data, altså at ein ikke skal lese meir inn i datamaterialet enn det datamaterialet faktisk gir grunnlag for. Vidare framhever også elevane at ein må avgrense seg og ta prosjektet litt etter litt, heller enn å presse inn for mykje. Trass alt har ein ikkje så god tid i arbeidet, og det blir viktig å ta gode, relevante og gjennomtenkte val gjennom heile prosessen. Ein suksessfaktor vi ofte ser i Holbergprisen i skolen er nettopp dette at ein klarar å halde seg på rett sti heile vegen, heller enn å spore av på ting som kanskje ser interessant ut der og då, men som ikkje er relevant for det ein forskar på og skal fram til. Å ha ei slik haldning kan til dømes redde deg fra å sette deg inn i ein masse teori som du til slutt ikkje får bruk for i prosjektet likevel. 

Kva har fjorårets elevar lært av å delta i Holbergprisen i skolen? 

I Holbergprisen i skolen er eitt av våre viktigaste mål å gjere elevane studieførebudde slik at dei kan meistre overgangen fra vidaregåande skule til universitets- og høgskulesektoren på ein god måte. Vi vonar derfor at elevar etter fullført deltaking sit igjen med ny kunnskap om bruk av metode og teori, måtar å lese og forstå forsking på, og andre gode eigenskapar som kan kome til nytte i deira eiga framtid. 

Elevar og lærarar i Holbergprisen i skolen 2021/ 2022 er no heilt i sluttspurten fram til innleveringsfristen 1. april. Nytt av året i år er også at vi for første gang også delar ut påskjønninger for god formidling. Det å formidle funn er noko av det viktigaste i god forsking, og i år ønskjer vi også å kunne premiere elevar som gjer dette på ein god måte. Påskjøningane vil gå til elevar som formidlar funna sine på ein levande og engasjert måte enten i forskningsrapporten som leverast inn, eller på andre flater/ anna materiale som podcast, videoproduksjon og liknande. Det kan også delast ut der elevar formidlar på ein måte som gjer forskinga tilgjengeleg for nye grupper, der forskinga løfter viktige problemstillingar og gjer nye innsikter, og/ eller syner fram våre fagområder og deira betydning for samfunnet. Dette tiltaket kjem i tillegg til utdeling av årets første-, andre-, og tredjepris, samt årets lærarpris. 

Innlevering til Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Innlevering til formidlingspåskjøning Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Innlevering lærarrapport Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Vi ønskjer alle deltakarane lukke til i innspurten. Dersom du er interessert i å delta, kan du sende inn søknad for klassen din allerede no for å delta i Holbergprisen i skolen 2022/ 2023. 

Søknadsskjema til Holbergprisen i skolen 2022/ 2023