Lihkku sámi álbmotbeivviin!

06.02.2023

Oahppit sámi joatkkaskuvllain Kárášjogas ja Guovdageainnus servet vuosttaš geardde dutkangilvui maid Holbergbálkášupmi skuvllas lágida. Sámi álbmotbeaivve oktavuođas leat mii gulaskuddan makkar fáddáid skuvllat áigot dutkat. Loga eambbo vuolábealde (dárogillii).

Holbergprisen i skolen har for første gang dei samiske vidaregåande skulane i Karasjok og Kautokeino med i konkurransen. I høve samisk nasjonaldag er vi interesserte i å høyre meir om kva skulane skal forske på. 

Då Holbergprisen i skolen besøkte skulane, fekk vi høyre mange spennande idear og tematikkar som skal utforskast. Mange av elevane har valt å sjå på problemstillingar relatert til Sápmi, til dømes spørsmål innanfor reindrift, eller samisk kunst og kultur. 

Kautokeino

Samisk videregående skole og rendriftsskole i Kautokeino har mellom anna har linjer knytta til reindrift, duodji, og undervisning i samisk språk. Elevane som deltek i konkurransen her forskar innanfor faga religion og etikk, norsk som andrespråk og samisk historie og samfunn. Elevane har funne fram til fleire interessante problemstillingar dei skal utforske: 

  • Korleis påverkar det unge Samar si mentale helse å oppleve samehets på nettet? 
  • Opplever ungdom i samiske kjernesamfunn hets på ein annan måte enn samisk ungdom fra byar? 
  • Korleis er det å dere skeiv i Sápmi? 
  • Korleis har skeivhet i Sápmi endra seg gjennom tida? 
  • Kva påverkar og korleis påverkas unge rendriftsamars psykiske helse? 

Karasjok

Samisk vidaregåande skule i Karasjok får undervisning etter lokalt tilpassa læreplanar med utgangspunkt i samisk språk og kultur. Her får både elevar med norskspråkleg og samiskspråkleg bakgrunn høve til å lære meir samisk språk, og samisk kultur. I Karasjok er det seks prosjekt: 

  • Fordommar mellom søringar og folk i Finnmark
  • Kva veit elevar i Stavanger om Sápmi, og kva lærer dei? 
  • Joik og musikk som terapi for samiske demente
  • ADHD og autisme hos jenter
  • Machokulturen i reindrifta
  • Samisk handtverk

Kirkenes

Også tidlegare har elevar utforska samisk kultur i konkurransen.  Pia Kristine Larsen Wickstrøm og Emilie Madelen Biti-Jessen fra Kirkenes videregående skole fekk tredjeprisen i 2019 for prosjektet  "Åndeverdenen i den moderne verden". Prosjektet såg på korleis den samiske noaidekunsten har opptrådd i moderne tid, og i kva grad den har bevart tradisjonane frå opphaveleg samisk sjamanisme og religion. Juryen peika på at oppgåva gav eit rikt innblikk i noaidekunsten slik den eksisterer i dag, og korleis den er jamfør gamal samisk religiøs praksis. 

Holbergprisen i skolen vil gjerne gratulere alle med samisk nasjonaldag. Vi ser fram til nye rapportar som utforskar samisk språk, kulturarv og ungdomsliv.

Holbergbálkášupmi skuvllas sávvá buohkaide lihkku sámi álbmotbeivviin! Mii illudat oažžut dutkanrápporttaid mat guorahallet sámi gielaid, kultuvrra ja nuoraid dilálašvuođa.