Nominasjonsstatistikk for Holbergprisen 2023

04.10.2022

Prosessen med å velje ein Holbergprisvinnar er i gang. Fredag 14. oktober møttest Holbergkomitéen for å diskutere nominasjonar til Holbergprisen 2023 og for bli samd om ei kortliste over aktuelle
kandidatar.

Det kom inn i alt 83 nominasjonar til Holbergprisen 2023 innan nominasjonsfristen den 15. Juni. 11 av nominasjonane var ugyldige. Justert for duplikatar sit vi igjen med 65 gyldige enkeltkandidatar. Dette er noko lågare enn i perioden 2020-2022 både kva gjeld nominasjonar og individuelle kandidatar. Tidlegare nominatorar har stått for 33 % av nominasjonane, og 48 % av kandidatane har vore nominert ein eller fleire gonger tidlegare. Dette representerer ein oppgang frå fjoråret frå høvesvis 29% og 41%. Litt meir enn ein tredjedel (36%) av nominasjonane har nominator og kandidat frå same institusjon.  

Geografisk fordeling

Akademiske miljø i Nord-Amerika og Europa dominerer både på nominator- og kandidatsida. Denne tendensen har vore stabil heilt sidan Holbergprisen blei oppretta i 2004. Som tabellen under syner er den geografiske fordelinga for kandidatar i 2023 på linje med gjennomsnittet for 2004–2023. Det er her viktig å notere seg at nasjonalitet i denne samanhengen er rekna etter primær institusjonstilknyting / arbeidsland, ikkje fødeland eller statsborgarskap. I denne oversikta er Israel rekna som tilhøyrande Midt-Austen, og Russland reknast til Europa.  

USA ligg øvst på både nominator- og kandidatsida. Jamført med 2022 er det fleire nominasjonar/ kandidatar frå enkeltland. Vidare ligg andel av kandidatar/ nominasjonar utanfor Nord-Amerika/ Europa stabilt på i overkant av 15%.

Faglig fordeling

Jamført med tidlegare år ligg både ‘humanities’ og ‘social sciences’ (som store samlekategoriar) og ‘law’ og ‘theology’ ganske likt gjennomsnittet. Ei endring har skjedd i kategorien ‘other’ som inkluderer felt som ‘engineering’ og ukjende. Det bør merkast at denne statistikken faktisk syner til det totale talet på nominasjonar, og ikkje til godkjende kandidatar.

Ei meir nyansert inndeling syner at ‘literary studies’ har flest nominasjonar, fulgt av ‘law’, ‘history’, ‘philosophy’, osv. Her synast også nominasjonar innanfor den breiare kategorien ‘other’ med ‘N/A’ or unknown’ og ‘engineering’. 

Vegen vidare

Holbergkomitéen møttest fredag 14. oktober under leiing av komitéleiar Heike Krieger, for å utarbeide ei kortliste over aktuelle kandidatar utfrå nominasjonane som har kome inn. I det vidare arbeidet med å velja prisvinnar vil fagfellerapportar for kortlistekandidatane bli innhenta. Desse rapportane vil danna eit viktig grunnlag for komitéens neste møte i januar, der dei skal formulere ei endeleg oppmoding til styret om kven dei meiner bør motta Holbergprisen 2023. Vinnaren blir kunngjort medio mars 2023.

Nominasjonsskjemaet for 2024 er opent 

Alle vitskapleg tilsette ved forskingsinstitusjonar eller akademi kan nominera kandidatar til Holbergprisen og Nils Klim-prisen. Kjenne du til ein aktuell kandidat? Meir informasjon om nominasjonsprosessen for Holbergprisen finn du på denne sida. Nominasjonsskjemaet for Holbergprisen 2024 er no lagt ut.